FEKK PRIS: Kringom fekk Språkrådets gulldiplom for det beste bedriftsnamnet i Noreg i NRK Nitimen tysdag.​ Foto: 
FEKK PRIS: Kringom fekk Språkrådets gulldiplom for det beste bedriftsnamnet i Noreg i NRK Nitimen tysdag.​ Foto: 

Kringom er beste norske bedriftsnamn

Kringom fekk Språkrådets gulldiplom for det beste bedriftsnamnet i Noreg i NRK Nitimen tysdag.

Vinnaren er namnet på kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane, drifta av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Den siste månaden har Språkrådet i samarbeid med Nitimen og Arne Hjeltnes vore på jakt etter Noregs beste bedriftsnamn, og i hard konkurranse stakk Kringom av med sigeren. 

– Vinnaren har funne eit dekkjande og godt norsk namn til å beskrive verksemda si. Kringom illustrerer kollektivtrafikken i eit fylke med lange reiseavstandar veldig godt. Det er enkelt, kreativt og eit modig val, og det går fint inn i den språklege tradisjonen, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Vinnaren vart kåra av ein jury med representantar frå Språkrådet og Arne Hjeltnes og annonsert i Nitimen tysdag 14. juni. Kringom vann i konkurranse med 382 namn frå heile landet.

– Oppslutninga om konkurransen viser at mange norske bedrifter er opptekne av å kommunisere godt med kundane gjennom å velje eit norsk namn. Det er veldig flott å sjå, og vi håpar endå fleire blir overtydde om at morsmålet er det beste valet i bedriftsverda, seier Wetås.

STOLT: Dina Lefdal er stolt og kry over namneprisen.
STOLT: Dina Lefdal er stolt og kry over namneprisen.

Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsle, Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier dei er stolte og glade for prisen.

– Det er kjekt å få bekreftelse på at namnevalet vårt er godt. Dette syner at det er kraft og potensiale i språket vårt, i gamle ord frå fylket, seier ho.

– Namnet skildrar aktiviteten til Kringom veldig godt, det er slik vi reiser her: kringom i fylket, under fjell og brear, over fjordar, opp og ned dalar, gjennom tunnelar og ut mot havet.

Til toppen