Foto: Senterpartiet.
meiningar
Foto: Senterpartiet.
meiningar

Krise i politidistrikt Vest?

KOMMENTAR: Politimeister Songstad i Vest politidistrikt har slått alarm om ressurskrise i politiet. Politidistriktet risikerer å  kutte 100-140 årsverk i  2017. 

Finansiering av nærpolitireforma, inkludert nytt politikontor på Flesland samt vakthald ved sykkel-VM er blant årsakene som blir trekt fram. Politimeisteren skal ha honnør for å vere ærleg. Han etterlyser fyrst og fremst ein annan måte  styre politiet på( BT 26/1-16): «... der vi er saman om kva som er riktig prioritering. Nå sitter politimesteren alene i stekepannen».

Politimeisteren har i sitt brev til Politidirektoratet skissert både eit verstefallsscenario med kutt på 140 årsverk, og eit bestefallscenario med eit kutt på «berre» 30-45 årsverk. Men Sognstad uttalar til BT at bestefallssscenarioet ikkje er realistisk. Situasjonen vil gå ut over område som ikkje er så høgt prioriterte – som vinningskriminalitet og vakt- og beredskap. Sitat; « Men dette er område som er viktig for folk flest. Det smerter å måtte kutte der, etter at vi har prøvd å bygge oss opp, særlig i etterkant av 22.juli». I brevet til politidirektoratet uttrykker Sognstad bekymring for at dei prioriteringar som må gjerast i 2017 kan, om dei blir allment kjent, svekke både politidistriktets omdømme og tillit i befolkninga.  

Sognstad har rett. Han har grunn til å bekymre seg. Å kutte i vakt og beredskap vil garantert svekke politiets omdømme og tillit. Han har rett i at politiet treng ei anna styring. Politimeisteren må sleppe å vere aleine i steikepanna. Han må sleppe at statsrådar og politidirektøren bagatelliserer, bortforklare og skryt av at no går alt så mykje betre – med mange milliardar til politiet. Midlar som ikkje kjem fram dit politiet er. Han må sleppe direktoratets og departementets retorikk om nærpoliti, når faktum er at folk opplever sentralisering og politiet må kutte  i årsverk.  

Stortinget har vedtatt ein såkalla nærpolitireform. Namnevalet er like provoserande og feil som å kalle kommunereforma for ein lokaldemokratireform. Men dei er gode på frekk retorikk, det skal regjeringa ha. Politidistrikt er slått saman. 17 lensmannskontor i Hordaland og Sogn- og fjordane skal leggast ned for å gjennomføre reforma. I tillegg må kanskje 140 årsverk kuttast for å finansiere politireforma. Det er jo noko som ikkje stemmer.

Politiet har eit svært viktig samfunnsoppdrag, og er ei sentral brikke i velferdsstaten vår. Folk ynskjer eit politi som er til stades  i samfunna der vi bur. Vi forventar at politiet skal førebygge og hindre kriminalitet, og skape tryggleik for befolkninga. Gjørv kommisjonen , jf NOU 2012:4 peikte på ei rekke svakheiter i politiets bereskap, styring og leiing. Men i staden for å gripe fatt i dette, å endre kultur, organisasjon og leiing, har Stortinget svart på utfordringa med å innføre «nærpolitireforma». Men det er inga nærpolitireform. Det er ein politireform, og ei sentraliseringsreform. For korleis skal det bli meir nærpoliti i Hardanger, eller i Sogn, med færre kontor, sentraliserte tenester og mindre politifolk? Situasjonen er alvorleg.

Senterpartiet har vore i mot den såkalla nærpolitireforma. Vi vil reformere politiet, men ikkje gjennom ei sentraliseringsreform. Vi vil kutte i byråkratiet og legge ned politidirektoratet, og vere knallharde på at auken i midlar skal kome dei lokale lensmannskontora til gode. Vi kan ikkje godta kutt i vakt- og beredskap, eller vere tilskodar til at narkotikakriminalitet går fri. Politiet må styrast slik at dei lokalt kan løyse dei viktige samfunnsoppgåvene dei har ansvar for. 

Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant Sp, Hordaland

Til toppen