SKIFTANDE FØRE: Skal du vere trygg på å komme deg over fjellet dei komande dagane, bør bilen din vere skodd for det meste, rår statsmeteorolog Kristen Gislefoss.
SKIFTANDE FØRE: Skal du vere trygg på å komme deg over fjellet dei komande dagane, bør bilen din vere skodd for det meste, rår statsmeteorolog Kristen Gislefoss. (Bilde: Statens vegvesen/Meteorologisk institutt)

Kristen Gislefoss med klart råd til bilistane før haustferien

– Skal du over fjellet på denne årstida må du alltid vere skodd for at vêret kan endre seg, seier statsmeteorologen, som åtvarar mot fare for slaps og glatte vegar i høgda.

Indre Sogn: Både Aurlandsfjellet, Sognefjellet og Tindevegen er periodevis eller heilt stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.

Når haustferien no nærmar seg ber statsmeteorolog Kristen Gislefoss folk om å vere budd på det meste.

– Skal du over fjellet på denne årstida må du alltid vere skodd for at vêret kan endre seg. Det kan skje særs fort. Kanskje du kan køyre på sommardekk, men eg veit ikkje om eg vil anbefale det, seier han.

Tilrår dobbel dekning

For dei som kvir seg for å skifte, eller som tykkjer det er for tidleg å gå over til piggar, meiner han det kan vere lurt å ha eit ekstra sett i bilen.

– Kanskje vil det vere det sikraste. Held du deg i låglandet er det greit nok med sommardekk.

I dag og i morgon er det framleis venta ein god del regn. Gislefoss trur du må opp i 1000 til 1200 meter før bygene går over til sludd:

Temperaturfall inn mot helga 

– Når vi kjem ut på torsdagen ser det ut til å bli stort sett opphald, det same gjeld fredagen.Det kan komme igjen litt regn på lørdag, seier han.

Mot helga ser temperaturane ut til å synke noko. Då vil gradestokken ligge rundt null når du kjem over tusen meter.

– Utover i neste veke kan dei stige litt igjen, men du kan aldri vere trygg på denne årstida, gjentek Gislefoss.

Til toppen