TRE NYE ÅR: Når Kristian Rutlin (17) står i mål på Fosshaugane kan han bokstavleg tala sjå bort på garden der han vaks opp. Den nysignerte kontrakten knyter han til saftbygda fram til sommaren 2019.
TRE NYE ÅR: Når Kristian Rutlin (17) står i mål på Fosshaugane kan han bokstavleg tala sjå bort på garden der han vaks opp. Den nysignerte kontrakten knyter han til saftbygda fram til sommaren 2019.

Kristian (17) er ein av to lokale talent Sogndal vil satse på

Kristian Rutlin (17) og Johan Hove (15) står berre bokført med ein kamp kvar for Sogndal, men har allereie sett historiske spor. No får dei tre år på seg til å ta nye rekordar.

Sogndal: Denne sesongen har kanskje vore eit unnatak, men trenar Eirik Bakke har ein klar filosofi om å satse på spelarar frå eige fylke.

I dag kom beviset i form av to sogndøler med nysignerte avtalar. Kristian Rutlin (17) får forlenga kontrakten fram til 2019, medan midtbanespelar Johan Hove (15) får si aller første proffkontrakt.

– Jobbar du hardt nok, så er det mogleg å koma langt i ung alder. Det er desse to eit godt bevis på. Så får me sjå om dei greier å slå gjennom på førstelaget. Me skal gje dei tid til å bli gode og ikkje leggje noko press på dei, seier Eirik Bakke.

FERSK SIGNATUR: Sportssjef Håvard Flo gratulerer Johan Hove (15) med blodfersk proffkontrakt med klubben.
FERSK SIGNATUR: Sportssjef Håvard Flo gratulerer Johan Hove (15) med blodfersk proffkontrakt med klubben.

Signeringar med historisk sus

Han er glad det er to lokale gutar som no får sjansen.

– Det er dette me jobbar for. Eg er sikker på at det snart vil koma fleire sogndøler og fylkesspelarar i kjølvatnet av desse, seier han. 

GLAD TRENAR: Eirik Bakke er glad for at klubben har sikra signaturen til to unge sogndøler.  
GLAD TRENAR: Eirik Bakke er glad for at klubben har sikra signaturen til to unge sogndøler.  

Det er to historiske signaturar Sogndal no har sikra seg:

Då Johan Hove i mai i år fekk to minuttar mot Aalesund, vart han den yngste debutanten i klubben si historie.  

Den førre innehavaren av rekorden var nettopp Kristian Rutlin. Også han debuterte 15 år gamal, i ein cupkamp mot Lysekloster i 2015.

Hove er i dag ikkje tilgjengeleg for kommentar, men sportsjef Håvard Flo seier i ei pressemelding at spelaren har hatt god utvikling og at tida var inne for gje han sjansen på a-laget.

– Me er veldig glade for at me igjen kan signera ein proffavtale med ein ung og lovande gut frå eigen klubb, seier Flo.

Les også: Bakke forlengar med Sogndal

Har teke nye steg

Den opphavlege kontrakten til Kristian Rutlin går ikkje ut før ved nyttår neste år. Likevel har Sogndal bestemt seg for å forlenge.

LOKAL ARVTAKAR​​: Assistenttrenar Terje Skjeldestad trur Kristian Rutlin har det som skal til for å føre dei lokale keepertradisjonane vidare.
LOKAL ARVTAKAR​​: Assistenttrenar Terje Skjeldestad trur Kristian Rutlin har det som skal til for å føre dei lokale keepertradisjonane vidare.

– Kristian fekk sjansen for to år sidan og har hatt ei fantastisk utvikling. Det er ein gut me har stor tru på. Han er eksemplarisk i treningskvardagen og kan bli så god som han sjølv vil, seier assistenttrenar og keeperansvarleg Terje Skjeldestad til Porten.no.

Rutlin sjølv er glad for å vere sikra nye år i klubben.

– Eg føler meg veldig trygg her. Eg har dei rette folka rundt meg og føler dei har voldsomt stor tru på meg. Når dei gir den nye kontrakten så viser det at dei vil satse på meg som ein framtidig førstekeeper, seier Rutlin.

Les også: Slik skal Sogndal takle medgangen
Les også: Han varta opp med fleire feberredningar: –​ No er eg berre sur​

Har store ambisjonar

Keepertalentet har til no for det meste henta erfaring gjennom spel for andrelaget. Men i vår fekk Rutlin smaka korleis livet er på benken i Eliteserien, då Stefan Hagerup vart lånt ut for å få kamptrening

– Eg føler eg har vokst på det å vera andrekeeper. Då veit eg at viss Mathias blir skada, så er det eg som må spela, seier Rutlin. 

NOK AV TALENT: Førstekeeper Mathias Dyngeland er sjølv berre 20 år gamal. No blir han pusta i nakken av ein utfordrar som er tre år yngre.
NOK AV TALENT: Førstekeeper Mathias Dyngeland er sjølv berre 20 år gamal. No blir han pusta i nakken av ein utfordrar som er tre år yngre.

Og nettopp det var nære ved å skje allereie i årets andre serierunde. Rett før pause i oppgjeret mot Vålerenga fekk Mathias Dyngeland ein trøkk i skuldra.

Då brusa det godt i blodet på ein som stod på nippet til å verte ein av dei yngste keeperdebutantane i Eliteserien nokon gong.

– Eg var litt nervøs, sjølvsagt. Men viss eg måtte komme inn, så var eg klar, seier Rutlin.

Dyngeland klarte å stå kampen ut, men slike erfaringar er gull verdt for ein keeper på jakt etter å ta nye steg. For Rutlin har skumle planar om å verta fast burvaktar før den no nysignerte kontrakten går ut.

– Om to år kanskje, då bør eg vera der og kjempa om førstekeeperplassen. Føler eg sjølv, då, seier han.

Til toppen