DEBUTT: Kristin Vee valgte å forlate gård og jobb mitt i koronatida for å skrive. No debuterar ho som spaltist i Porten.
DEBUTT: Kristin Vee valgte å forlate gård og jobb mitt i koronatida for å skrive. No debuterar ho som spaltist i Porten.

Kristin blir ny spaltist i Porten: – Ein draum som går i oppfylling

Midt i koronatida slutta ho som rektor ved Luster ungdomsskule og flytta til Danmark for å skrive. No har Kristin Vee igjen retta nasen mot Sogn, med eit ekstra skråblikk mot både små og store dilemma kvardagslivet som ei familiemor kan by på.

– Eg har alltid elska å skrive, så det å få moglegheita til å skrive for Porten den komande tida er utruleg kjekt, seier Kristin Vee.

Firebarnsmora med røter frå Årdal skal den komande tida ha si eiga spalte i avisa, med refleksjonar kring små og store ting i kvardagen. Ho håpar å skape undring, refleksjon og debatt rundt kvardagslege val me tek i det daglegdagse livet. 

– Eg har alltid hatt ein draum om mi eiga spalte, så å få gjere dette no for Porten er verkeleg ein draum som går i oppfylling. Eg gler meg til å kome i gang, seier ho. 

Slutta på jobben - reiste til Danmark

Det siste året har for mange vore av det spesielle slaget. Likevel kan nok Vee si historie seiast å skilje seg litt ut ifrå den daglegdagse mengda. Etter ni år med kontorjobb som rektor på ein skule i Molde og deretter ungdomsskulen i Gaupne, bestemte ho seg for å sei opp jobben, ta seg eit friår og flytte til Danmark. Midt i koronatida. 

– Det var eit livsval. Eg har elska jobben min, men eg kjente at det var på tide å gjere noko heilt anna. Eg trengde å gje meg rom og tid til å sjå kva eg ville. Få ro til å «merke meg sjølv».

Saman med yngste dotter reiste ho 22. oktober til Skovballe. Sambuaren kom etter då sauene var komen i hus og oppgåvene på garden på Åberge (Ja, ho jobba også på gard) i Sogndal var fordelt. Gården kjem ho tilbake til då dei flyttar heim att i mars. 

– Det var eit spenstig val, men eg har ein livspartnar som støtta meg hundre prosent. Me gjorde nokre økonomiske prioriteringar og eg visste og at eg har ein god utdanning og lang erfaring som forhåpentlegvis ville gje meg nye moglegheiter.

– Sidan då har eg vore her og skrive, arbeidd ute og laga ulike handverksprodukt. 

– Eg har elska jobben min, men eg kjente at det var på tide å gjere noko heilt anna, seier ho. Foto: Privat

Glød og engasjement

Vee, som er open på at ho ADHD, meiner diagnosen har vore ein positiv bidragsytar til at ho torer å ta nye sjansar utan å bli hemma av frykta for at alt skal gå gale. I tillegg er det ein bidragsytar for mange impulsar som ho får utløp for ved hjelp av skrivinga. 

– Eg trudde denne nye livssituasjonen skulle gje meg meir uro enn det gjorde, men tvert i mot så har eg funne ro i ein mykje mindre travel kvardag. Eg er utruleg takknemleg for at eg har evna til å vere litt «uredd» og at eg turte å gjere eit slikt skifte i kvardagen.

Impulsane har også resultert i to skriveprosjekt, og to manus som no er sendt til eit forlag med mål om utgjeving. 

Men først skal ho altså no ta fatt på si eiga spalte i Porten - noko Vee ser på med stort glød og engasjement. 

– Draumen om å ha ei spalte i ei avis eller magasin har vore enda større enn draumen om å gje ut ei bok. Det å få tilliten til å få spalte i Porten er ekstra kjekt, sidan dette er ei flott satsing i Sogn, der eg har røtene mine, seier ho.  

Til toppen