TIL KAUPANGER: Kristin Dvergedal (16) frå Årdalstangen er henta til Kaupanger for 2016-sesongen, fortel Øystein Lindesteg Rinde. 
TIL KAUPANGER: Kristin Dvergedal (16) frå Årdalstangen er henta til Kaupanger for 2016-sesongen, fortel Øystein Lindesteg Rinde. 

Kristin får sjansen hjå Kaupanger

Kristin Dvergedal (16) frå Årdalstangen er henta til Kaupanger for 2016-sesongen.

Årdalstangen: Det fortel Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde, som tok over laget i fjor etter fleire år i Lærdal.

Dvergedal fekk hospitere med Kaupanger-damene i fjor haust, og har sidan då fått stadig fleire sjansar. No har trenaren frå Lærdal altså bestemte seg for å henta det unge talentet.

– Me ville gi talenta rundt om i Sogn sjansen til å visa seg fram, og ho utmerka seg ganske tidleg. Ut sesongen fortsatte ho å hospitera, og me vart samde om å henta ho for 2016-sesongen, seier Rinde.

GODE TILBAKEMELDINGAR: KIL-trenar Øystein Lindesteg Rinde meiner Dvergedal har såpass med potensiale at ho fortener ein sjanse. Arkiv
GODE TILBAKEMELDINGAR: KIL-trenar Øystein Lindesteg Rinde meiner Dvergedal har såpass med potensiale at ho fortener ein sjanse. Arkiv

Fortener sjansen

KIL-trenaren meiner Dvergedal viser eit potensiale som gjer at ho fortener ein sjanse i flaggskipet på damefotball i Sogn. 

– Ho er ein bra fotballspelar med blikk for spelet og god spelforståing. Ved å trena med oss vil å utvikla dei tekniske kvalitetane, og det fysiske må opp litt, men ho er veldig ivrig, så me er positive til ho.

Dvergedal seier til Porten.no at ho tykkjer det er hardt med reising, men at ho er glad for utfordringa.

– Eg håpar å utvikle meg til å kome på eit høgare nivå, seier ho.

Vil få debuten

Sjølv om Rinde er forsiktig med å lova speletid, er han klar på at Dvergedal kjem til å få debuten i 2. divisjon denne sesongen med hovudarena på andrelaget. Dette kjem an på utviklinga, fortel han. 

– Konkurransen er hard på midtbana. Sentralt på midten har me seks stykk, og ho blir nummer sju, men er ein litt fleksibel, kan ho spela i andre roller. 

Til toppen