KRITISK: Rådmann i Årdal kommune, Olve Fossedal, er kritisk til korleis økonomistyringa med Sogn lokalmedisinsk senter, men tilrår likevel at kommunen skal halde fram i samarbeidet. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
KRITISK: Rådmann i Årdal kommune, Olve Fossedal, er kritisk til korleis økonomistyringa med Sogn lokalmedisinsk senter, men tilrår likevel at kommunen skal halde fram i samarbeidet. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Kritisk rådmann: – Økonomistyringa ved LMS har vore altfor dårleg

Men når politikarane i Årdal får saka på bordet i neste veke, er det med tilråding om at kommunen skal halde fram i lokalmedisinsk senter. 

Årdal: – Den viktigaste årsaka til det er omsynet til legevakta. Me er ikkje store nok og har ikkje nok legar til å tilby ei vaktdeling som er akseptabel. Vaktbelastninga vil bli altfor stor, seier rådmann Olve Fossedal.

Det har brent eit blått lys for Årdal si deltaking det lokalmedisinske senteret etter at kommunen sa opp avtalen i fjor. Årdølene meinte det rett og slett kosta for mykje.

Etter tilbakemelding frå Lærdal kommune i oktober 2015, vart rekneskapen for 2015 lagt til grunn for budsjett 2016. For Årdal var det snakk om 4,4 millionar kroner, men i oktober i år kom meldinga om ein auke på 1,3 millionar kroner.

– Kom som ei overrasking

Til neste år skal Årdal betale 5,6 millionar for å vere med i LMS – dersom politikarane meiner det er riktig.

– Kostnadsauken kom som ei gedigen overrasking. Auken er dramatisk og får konsekvensar for budsjettforslaget for neste år. Me har dekning for det, men det er klart det råkar oss hardare enn me hadde føresett. Det er me lite nøgd med, og me kjem til å stramme inn organiseringa med kommunalsjefar som støttegruppe rundt dagleg leiar, seier Fossedal. 

Auken skuldast opplæring og etablering av naudnett. På den andre sida har det vorte forsøkt å ta ned kostnadene opp mot Helse Førde, men per no har ein berre klart å ta ned dei med 300.000 kroner, som blir småpengar når det skal fordelast på kommunane. 

Håpet er at ein skal få bygd om sjukehuset på ein slik måte at ein får heile LMS på same flate. I dag er det organisert i to plan, men noko slikt vil truleg ikkje skje før nærare 2020. 

– Avgjerande for tillit med faste møter

Dersom politikarane seier ja til framhald, vil dei også krevje faste driftsmøte med vertskommunen Lærdal og dei andre kommunane for å sikre naudsynt informasjon og kommunikasjon.

– Det er heilt avgjerande for tilliten til ordninga og Lærdal som vertskommune. Dette er alvorleg. Det har vore altfor dårleg økonomistyring i tiltaket til no og kan ikkje halde fram slik. Ein må ha kostnadsreduksjon, men ei ombygging vil gi den største gevinsten. 

Tek kritikken på alvor

Rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr, er glad for at Årdal er positive til framhald og tar kritikken frå kollegaen inst i fjorden på alvor. 

– Det økonomiske spekteret er det ingen som likar. Dei andre kommunane og Lærdal likar det like dårleg som Årdal. Me er i same båt, og dette vil me gjera noko med. Me har starta å strukturere arbeidet og følgje det tettare opp, seier Olsen jr. 

– Eg tykkjer det er positivt viss Årdal er med vidare. Det gler me oss over. Eg er sikker på at me skal få til noko bra framover. 

Seier nei til kreftkoordinator

Tilrådinga er at Årdal kjem til å halde fram med alle tenestene som LSM tilbyr utan om kreftkoordinator. Dette er ei stilling som delvis er finansiert av Kreftforeninga, men som gradvis skal gå over til full kommunal finansiering.

– Dette er kompetanse me har hjå eigne sjukepleiarar, som dekkar opp det behovet, forklarar Fossedal. 

Saka skal handsamast i formannskapet i Årdal tysdag 29. november.

Budsjett 2017

(Kjelde: Vedlegg: Sogn lokalmedisinsk senter - orientering)

Til toppen