ENGASJERTE: Medlemmane i Ungdomspolitisk Utval vil vera med å bestemma fylkesvåpenet. Frå venstre: Mari Dale Salbu, Lisa Horpen, Kamilla Rivedal, Thor Albrektsen og Amila Adzemovic.
meiningar
ENGASJERTE: Medlemmane i Ungdomspolitisk Utval vil vera med å bestemma fylkesvåpenet. Frå venstre: Mari Dale Salbu, Lisa Horpen, Kamilla Rivedal, Thor Albrektsen og Amila Adzemovic. (Foto: Sogn og Fjorda fylkeskommune)
meiningar

Kronikk: – Me vil vera med å bestemma det nye fylkesvåpenet

– Uansett alder vil staden du kjem frå vera ein stor del av identiteten. Fylkesvåpenet er eit symbol på ein del av identiteten vår. Av den grunn ynskjer vi å bry oss, skriv Kamilla F. Rivedal, leiar i Ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane.

Meiningar: Sjølv om me ungdommar kan verka likegyldige i mange saker, er det visse ting som er viktige for oss òg. Når heimstaden din skal slåast saman med ein annan og eit nytt fylkesvåpen skal dannast, er det ikkje rart me ynskjer å delta.

Mange unge seier dei ynskjer å flytta til større stader. Det betyr ikkje at dei ikkje bryr seg om kvar dei kjem i frå, eller kva fylke dei bur i. Uansett alder vil staden ein kjem frå vera ein stor del av identiteten.

Utfordrande å slå saman to fylker

No skal det lagast eit nytt fylkesvåpen som skal representera ulike miljø, eit større geografisk område, meir historie og mange fleire innbyggjarar.

Fylkesvåpenet blir ikkje større av den grunn, og kan ikkje ta opp i seg like mykje av identiteten til innbyggjarane i dei ulike fylka som det har gjort til no.

Fylkesvåpenet er eit symbol på ein del av identiteten vår, og av den grunn skal og ynskjer vi ungdommar å bry oss om dette.

Kamilla F. Rivedal, leiar i Ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane 

Men me kan vera med å påverka at me får med det viktigaste frå begge fylka, slik at ein òg i framtida kan kjenna på den same tilknyttinga og stoltheita når ein ser fylkesvåpenet. 

Det er vemodig å gje slepp på ein del av identiteten sin. Det gjer det endå viktigare å ta del og påverka gjennom heile prosessen. 

– Set pris på å bli høyrde

Når samanslåinga er ferdig ynskjer me at det nye fylkesvåpenet skal representera begge fylka i like stor grad, og at det eine fylket ikkje blir meir dominerande enn det andre.

Eit fylkesvåpen kan skapa identitet fordi det viser kva region ein er i frå. Det seier altså noko om kvar einskild person.

Me ungdommar set utruleg stor pris på å bli høyrde og tenkjer det er særs viktig at ungdom blir inkluderte i slike store saker som angår alle innbyggjarar, men òg i mindre saker som på ein eller annan måte vedgår ungdom.

Val som blir gjort i dag vil påverka liva våre i alle år framover. Det nye Vestland er trass alt framtida til oss ungdommar, og det nye fylkesvåpenet vil igjen vera med på å forma identiteten vår endå litt til.

Kronikken har blitt redigert.

Til toppen