Sogndal: Det er Firda som skriv at det tidlegare Årdal-trenaren er tilsett i ei 25 prosent stilling, der han skal jobbe med dette prosjektet.
– Me har i lang tid jobba med korleis me skal bli betre på å få fram spelarar frå vårt eige fylket. Og no meiner me at me har funne den rette personen til å ta denne jobben vidare. Førebels i ei mindre stilling, men håpet er at me skal utvikle dette meir etter kvart, seier Eirik Bakke til avisa.
Krosshaug skal primært jobbe med spelarar i aldersgruppa 13 til 16 år, men også juniorspelarar. Ein del av jobben blir å reise rundt i fylket og møte spelarane på treningsfeltet og påverke treningskvardagen deira.
– I denne stillinga håpar eg å etablere tettare kontakt mellom Sogndal, klubbane og dei aktuelle spelarane i fylket. Eg kjem til å reise rundt i mange av klubbane i fylket, og på den måten sondere kva som finst av talent.
– Dessutan håpar eg på denne måten å vere med på å heve kvaliteten på treningar og opplegg rundt dei beste spelarane. Målet er å få opp fleire fylkesspelarar i Sogndal, og vi kjem til å invitere inn mange av dei beste spelarane til samlingar på Fosshaugane Campus, seier Krosshaug.