ARTISTSLEPP: Eirik Sognnes og bandet Heil Ved beståande av Malin Hellebø Hovland, Karl Edvin Lysne, Vidar Vasset og Alexander Laberg skal spela under årets Jordeplerock i år også. Foto: Odd Helge Brugrand. 
ARTISTSLEPP: Eirik Sognnes og bandet Heil Ved beståande av Malin Hellebø Hovland, Karl Edvin Lysne, Vidar Vasset og Alexander Laberg skal spela under årets Jordeplerock i år også. Foto: Odd Helge Brugrand. 

Krydrar årets Jordeplerock med kortreiste artistar

Lærdølen Eirik Sognnes og bandet Heil Ved skal saman med årdalsbandet System skapa ein skikkelig folkefest i sommar når Jordeplerock arrangerast for 4. året på rad. 

Lærdal: To band til er klare for Jordeplerock, og arrangørane håpar årets miks vil vere med på å skapa noko heilt særeige i det store spekteret av festivalar denne sommaren. 

– Me har alltid satsa på lokale band og artistar. Det er noko me har spesielt fokus på. Jordeplerock er for, av og med lokale ungdommar. Denne visjonen er hjørnesteinen i prosjektet vårt. Det handlar om lokal utvikling og verdiskaping, seier arrangør, Torgeir Skjerdal.

Les også: Lokal rap klar for Jordeplerock

Gjengangar 

Eirik Sognnes og bandet som består av Malin Hellebø Hovland, Karl Edvin Lysne Vidar Vasset og Alexander Laberg også i år, spele under årets Jordeplerock. 

– Eg veit at Eirik har mykje å by på og me har fått mange førespurnadar frå folk som i fjor anten ikkje var tidleg nok ute eller som ikkje var på konserten, men som skulle ønskja at dei hadde fått med seg opptreden, seier Skjerdal. 

Difor valte arrangørane å hyra inn Lærdalsbandet i år også. 

– I fjor var det utruleg kjekt og me gleda oss til å koma tilbake. Me skal sørga for at det blir ein skikkelig fest laurdagen. Det blir ein artig samansetting i år, seier Sognnes. 

Sjå musikkvideoen til Eirik Sognnes og låta "Fredag" under. 

For tida spelar Eirik Sognnes inn nye låter i studio. I fjor slapp han hiten "Fredag" og fekk stor suksess med songen på riksdekkjande radio. 

– Det blir vertfall utgiving av meir musikk i nær framtid, seier artisten. 

Les også: Har seld billettar i rekordfart

Opnar opp for nye moglegheitar

Årdalsbandet System består av Andreas Hillestad Aannevik, Frida Tryti Hunshammer, Morten Hestetun Flugheim, Are Håland Einan og Mathias Hansen. 

Dei er eit relativt ungt band og har spelt saman i litt over to år. Alle medlemmane går på Årdal Vidaregåande. 

– Dette er ein fin moglegheit for oss å syna oss fram. Me har alle drive med musikk heile livet, seier Hunshammer. 

SYSTEM: Årdalsbandet System skal for første gong spela på Jordeplerock i år.
SYSTEM: Årdalsbandet System skal for første gong spela på Jordeplerock i år.

Bandet kjem til å spela ein miks av toppliste musikk og songar laga av vokalist Hunshammer. 

– Det blir stort og spennande. Me er spent på om folk kjem til å møta opp så tidleg, seier Aannevik. 

System skal spela fredagen før DDE og etter Gunslingers. Seinare i sommar skal dei tilbake til Lærdal for å spela under årets Kom Heimatt helg. 

– Eg forventa at me greier å levera og laga god stemning, seier Hunshammer. 

Les også: No er dei klare med ny artist

Kombinera små og store

Årets lineup er nøye planlagt og Jordeplerock-gjengen håpar flest mogleg vil få med seg dei lokale artistane i tillegg til dei store. 

– Me håpar publikum spesielt får med seg dei lokale banda. Eg håpar dette kan vere ein sjanse for alle dei tre artistane frå fylket å få syna seg fram og spela for eit publikum dei ellers ikkje ville spelt for. Me ønskje å vere med å utvikla dei, seier Skjerdal. 

Les også: Pop-idolet Sandra Lyng kjem til Jordeplerock

Rolla som Jordeplerock har teke på seg om å fremja lokale band, er noko dei tek ekstra på alvor no som festivalen har vakse ein god del. 

– Me ønskjer å syna fram det kommunane rundt oss har å by på. Eg skulle ønska me kunne hatt fleire lokale artistar, men det er snakk om resursar. Kjartan og Eirik er godt inne i gamet. System har spelt ei god stund, og er trur dette vil vere ein lærerik oppleving for dei, seier Skjerdal. 

Arrangørane trur at dei kortreiste banda vil bidra til å gjere kvaliteten på årets lineupen endå betre ved å kombinera store og små artistar. 

Les også: Jordeplerock har landa storfisk

Slutt på økonomisk støtte

Lærdal Næringsutvikling (LNU) har i tre år støtta Jordeplerock økonomisk. I formannskapsmøte førre veke behandla politikarane ein ny søknad om støtte, men sidan avtalen var treårig, er det difor i år slutt på den økonomiske hjelpa. 

– Økonomisk sett skal me klare oss, men sjølv om me no har overskot og er halvegs bærekraftige, treng me den støtte me kan få og er fortsatt avgengige av stønad og spons, seier Skjerdal. 

Difor søkte arrangørane ikkje om støtte til drift i år, men dei søkte om støtte til kompetanseheving av Jordeplerock som arrangørar. Dei var fullt klar over at LNU ikkje kunne støtta dei driftsmessig i år på bakgrunn av den trårige stønaden dei har fått, og at dei no er i overskot. 

– At me ikkje får stønad til kompetanseheving når me er i ein slik stor vekst er jo sjølvsagt dumt, men igjen - det går heilt fint, avsluttar Skjerdal. 

Til toppen