OPEN HØYRING: Interesseorganisasjonen for kommunane, KS, ber om open høyring om forslaget om å setja plan- og bygningslova til side i krisesituasjonar. Foto: Ina Eirin Eliassen.
OPEN HØYRING: Interesseorganisasjonen for kommunane, KS, ber om open høyring om forslaget om å setja plan- og bygningslova til side i krisesituasjonar. Foto: Ina Eirin Eliassen.

KS ber om open høyring om endringar i plan- og bygningslova

Interesseorganisasjonen for kommunane, KS, ber om open høyring om forslaget om å setja plan- og bygningslova til side i krisesituasjonar.

Årdal/Lærdal: Det var like før jul at regjeringa fremja eit lovforslag som gjev staten høve til å setja plan- og bygningslova ut av kraft i bestemte krisesituasjonar. Forslaget inneber at staten kan gje byggjeløyve og vedta bruksendringar utan å involvera kommunane og er for tida særleg aktuelt med tanke på oppretting asylmottak.

KS er samde i at flyktningsituasjonen har skapt behov for ein kriseregel, men åtvarar samstundes staten mot å køyra over kommunane. No har organisasjonen sendt brev til kommunal- og forvaltningskomiteen om saka og bedt om at komiteen arrangerer open høyring om forslaget, heiter det på nettsidene til organisasjonen.

KS peikar på at forslaget ikkje har vore ute på vanleg høyring, og at kommunane ikkje har hatt høve til å kommentera forslaget tidlegare.

Sjølv om regjeringa føreslår at det blir innført ein generell fullmaktsregel i ulike krisesituasjonar, meiner KS at flyktningkriser er det einaste som gjev grunnlag for å gå bort frå dei vanlege høyringsrutinane.

Også i slike situasjonar meiner KS at byggjeløyve og bruksendringar i første omgang bør liggja hos kommunane, som kjenner dei lokale tilhøva best. Organisasjonen har difor fremja eit alternativt forslag.

Forslaget inneber at også at kommunane sjølve kan bruka kriseregelen når det er nødvendig. I forslaget heiter det mellom anna at kommunen skal behandla saker innan tre veker etter unntaksregelen som gjeld flyktningkriser. Sakene som ikkje er behandla innan denne fristen, blir avgjort av departementet. (©NPK)

Til toppen