SKEPTISK: KS-leiar Gunn Marit Helgesen meiner det allereie er mange gode satsingar i gang for å styrke kvaliteten i eldreomsorga, difor er ei reform ikkje naudsynt. Foto: arkiv.
SKEPTISK: KS-leiar Gunn Marit Helgesen meiner det allereie er mange gode satsingar i gang for å styrke kvaliteten i eldreomsorga, difor er ei reform ikkje naudsynt. Foto: arkiv.

KS er skeptisk til ny eldrereform

– Regjeringa burde heller støtte dei tiltaka kommunane etterspør for å kunne levere best mogleg eldreomsorg, i staden for å lansere enda ei stortingsmelding, sier styreleder Gunn Marit Helgesen i KS.

Regjeringa har varsla at ho vil starte arbeidet med ei ny reform i eldreomsorga. Styreleiaren i KS er glad for det tverrpolitiske nasjonale engasjementet, men tvilar sterkt på at enno ei stortingsmelding er det mest målretta nye tiltaket regjeringa kan kome med for å betre eldreomsorga.

– Framfor å bruke mykje tid på å drøfte enda ei ny reform, vil vi rå både regjering og storting å prioritere og støtte tiltak som kommunane etterspør for å kunne levere best mogleg eldreomsorg, sier Helgesen i ei pressemelding frå KS.

Les også: Hilmar tek tilbake kvardagen med trening
Les også: Elektriske rickshawsyklar er på full fart inn i eldreomsorga

KS-leiaren peikar på behov for satsing på både digitalisering, kompetanseheving, velferdsteknologi og forsking, samt bygging og fornying av tilrettelagde bustader. 

– Det er allereie mange gode satsingar i gang for å styrke kvaliteten i eldreomsorga over heile landet, både i kommunal og statleg regi. Vårt beste råd til regjering er å satse endå breiare og sterkare på dette, sier Gunn Marit Helgesen.

Til toppen