KLARARE SPRÅK: – Uklart språk er kostbart. I tillegg er det eit demokratisk problem om innbyggjarane ikkje forstår kva vi skriv, seier styreleiar i kommuneorganisasjonen KS Gunn Marit Helgesen. Foto: Johnny Syversen / KS
KLARARE SPRÅK: – Uklart språk er kostbart. I tillegg er det eit demokratisk problem om innbyggjarane ikkje forstår kva vi skriv, seier styreleiar i kommuneorganisasjonen KS Gunn Marit Helgesen. Foto: Johnny Syversen / KS

KS-støtte skal gi klarare språk i kommunane

Ved å lyse ut ei støtteordning for klart språk, vil KS oppmuntre kommunar og fylkeskommunar til å ta tak i korleis dei skriv. Nynorskkommunar blir oppmoda til å søkje.

Årdal/Lærdal: Éin million kroner er sett av til ordninga, der søknadsfristen er 1. mai, opplyser KS i ei pressemelding. Kommuneorganisasjonen viser til tal frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet som viser at dårleg språk kostar statlege verksemder kring 300 millionar kroner årleg.

– Det er derfor grunn til å tru at uklart språk også kostar kommunesektoren dyrt. Vi har tett kontakt med innbyggjarar og næringsliv, derfor er dette arbeidet ekstra viktig i vår sektor, seier styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen.

Helgesen peiker dessutan på at det er eit demokratisk problem dersom innbyggjarane ikkje forstår det som blir skrive.

Støtteordninga i regi av KS er del av ei satsing som går fram til 2020. Kommunal- og moderniseringsdepartementet gir økonomisk støtte til KS-programmet for klart språk.

På Språkrådet si nettside klarspråk.no skal KS også lage ein tekstbase for deling av gode kommunale tekstar. Klarspråk-programmet tilbyr dessutan kurs til kommunar og fylkeskommunar. (©NPK)

Til toppen