TO GONGER: Mellom 2011 og 2013 betalte Naturskadefondet og Naturskadepoolen rundt 5,8 milliardar til reparasjonar av naturskadar. I same periode brukte NVE 600 millionar på sikringstiltak.​ Arkivfoto: Anne Karin Skjær.
TO GONGER: Mellom 2011 og 2013 betalte Naturskadefondet og Naturskadepoolen rundt 5,8 milliardar til reparasjonar av naturskadar. I same periode brukte NVE 600 millionar på sikringstiltak.​ Arkivfoto: Anne Karin Skjær.

KS: – Ti gonger meir på naturskadar enn på førebygging

Mellom 2011 og 2013 betalte Naturskadefondet og Naturskadepoolen rundt 5,8 milliardar til reparasjonar av naturskadar. I same periode brukte NVE 600 millionar på sikringstiltak.

Årdal/Lærdal:m Det er kommuneorganisasjonen KS som har gjennomført ein gjennomgang av naturskadeutbetalingane og sett på sikringstiltaka frå Noregs vassdrags- og energidirektorat, skriv Vårt Land.

– Dette er ein veldig uklok bruk av pengar. Vi bruker ti gonger meir på reparasjon enn på førebygging. Men i det lange løp vil det bli mykje billigare å gjere noko no, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS.

Hun er uroleg for at vi ikkje er førebudde på dei skadane ekstremvêr vil bringe i framtida. I ein rapport frå det såkalla Overvassutvalet i desember blir skader frå overvatn frå nedbør og snøsmelting anslått å koste 100 milliardar kroner dei neste 40 åra. Ein annan rapport, som vart overlevert Miljødirektoratet i desember, viser at det blir meir nedbør, stigande havnivå, meir flaum og lengre periodar med tørke fram mot år 2100.

Helgesen meiner forsikrings- og finansieringssystema i dag ikkje tar omsyn til klimatilpassing.

– I dag er det slik at om ei bru rasar som følgje av flaum, kan ein byggje ho opp til same standard som i dag. Men forsikringa dekkjer ikkje bygging av ei forsterka utgåve som kan sikre at ho ikkje rasar på ny om to år. (©NPK)

Til toppen