ULUKKE: Kollisjonen skjedde i Fjærlandstunnelen på vegen mellom Sogndal og Skei.
ULUKKE: Kollisjonen skjedde i Fjærlandstunnelen på vegen mellom Sogndal og Skei. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Kua sprang frå staden etter kollisjonen, bilen fekk store skader

Det har enno ikkje kome meldingar om korleis ho har klart seg, men du må vera litt av ei ku for å legga på sprang etter å ha havarert ein bil.

Sogndal: Ei ku som hadde forvilla seg inn i Fjærlandstunnelen vart måndag påkøyrd av ein bil. Ingen personar vart skadde i ulukka, men det var store materielle skader på bilen.

– Kua har sprunge frå staden, eigaren er varsla og vil få den undersøkt, melder politiet.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen