NY JOBB: Mette Bakketun er blitt dagleg leiar for Sognefjorden Næringshage på fast basis.
NY JOBB: Mette Bakketun er blitt dagleg leiar for Sognefjorden Næringshage på fast basis.

Kultsko fekk uventa oppsving, no skal ho hjelpa andre som slit

– For nokon sit det langt inne å be om hjelp.

Aurland: Mette Bakketun har sagt opp stillinga som dagleg leiar i Aurlandsskoen, for å bli dagleg leiar i Sognefjorden Næringshage på fast basis. 

Bakketun har leia næringshagen sidan mai, då Kristine Ohnstad gjekk ut i permisjon for å konsentrera seg om drifta av Haugen Gardsmat. 

– Til no har eg jobba både i Aurlandsskoen og i Sognefjorden Næringshage. Det har vore mykje jobb, så det skal bli godt å gå «all in» i næringshagen, seier Bakketun i ei pressemelding torsdag.

Uventa oppsving 

Jobben til Sognefjorden Næringshage er å rettleia og hjelpa verksemder som ønskjer endring og vekst. No for tida handlar det meste om å tenka nytt for å tilpassa seg pandemien. Arbeidsplassar og livsverk står på spel.

Bakketun fekk sjølv erfara at omsetninga til Aurlandsskoten stupte då dei utanlandske turistane ikkje kom. Utruleg nok vart sesongen berga, og vel så det, av norske turistar, og brei medieomtale. I juli var omsetninga 82 prosent betre enn same månad i fjor.

– Eg forlèt skuta heilt overtydd om at Aurlandsskoen klarar seg fint utan meg, fortel Bakketun.

Søker vinnaroppskrifta

No skal ho hjelpa andre som slit. Bakketun seier ho har møtt verksemder som er i sjokk og villreie.

– Nøkkelen er å finna ei eller fleire oppskrifter som fungerer for alle bedrifter. For nokon sit det langt inne å be om hjelp. Eg håpar me kan hjelpa alle som vil ha det, seier Bakketun. 

Bakketun var ein av fire kandidatar som vart kalla inn til intervju då stillinga vart lyst ut i haust. Styret er nøgde med at ho takka ja.

– Me hadde mange gode søkarar, men Mette sto fram som den beste kandidaten. Ho har relevant og brei erfaring, samtidig som ho har menneskelege eigenskapar som er viktige i jobben, seier Atle Stalheim, styreleiar i Sognefjorden Næringshage.

Til toppen