SISTE MOKASINER: Dei var mange, no er det berre éin fabrikk att. Aurlandsskoen er norsk handtverkshistorie som kan gå tapt.
SISTE MOKASINER: Dei var mange, no er det berre éin fabrikk att. Aurlandsskoen er norsk handtverkshistorie som kan gå tapt. (Foto: Gullaug Pless)

Kultskoen går ei uviss framtid i møte

På det meste var det nitten skoprodusentar i Aurland. No fryktar den siste at koronakrisa kan bety kroken på døra, skriv TV2.

Aurland: – Viss me ikkje har noko inntekt i løpet av våren, så er det kritisk for oss. Då får me sjå kva som er att av Aurlandsskoen, sier dagleg leiar Mette Bakketun i Aurland skofabrikk til nettsida.

DAGLEG LEIAR: Mette Bakketun, her frå gladare tider. Foto: Gullaug Pless

Aurlandsskoen har opplevd oppturar og nedturar gjennom si 89 år lange historie. I 2020 satsa dei på å auka produksjonen etter å ha friska opp merkevara og designet. I staden må dei permittera tilsette grunna koronakrisa.

Den einaste plassen dei får selt skoa for tida er på fabrikken sin eigen nettbutikk.

– Me har overlevd andre verdskrig, så eg håpar me overlever koronakrisa óg, seier Bakketun til TV2.

Til toppen