DANSEFEST: Laurdagskvelden var det dansefest og konsert i eit fullt hus.
DANSEFEST: Laurdagskvelden var det dansefest og konsert i eit fullt hus. ( Foto: Mari Andrea Ness)

Kultur i fokus på TØFT-samling

I helga var det samling i Jostedalen for ungdomar med interesse for folkemusikk og folkedans.

Jostedal: – Dette er eit ekstra tilbod for dei som allereie er aktive i miljøet, seier Ole Nilssen som er prosjektleiar.

Rekrutteringsprosjekt

TØFT er eit rekrutteringsprosjekt for ungdom i Sogn og Fjordane som driv med folkemusikk og folkedans. Totalt skal det vera fire samlingar i året, der målet er å rekruttera fleire ungdomar til sosiale ungdomssamlingar.

Denne helga var det TØFT-samling i Jostedal, ei samling som vart arrangert i samarbeid med Jostedal spel- og dansarlag.

– Me hadde kurs i hardingfele, sang og dans, seier Nilssen.

Fokus på det lokale

Denne helga har dei beste instruktørane som Sogn har å by på blitt henta inn for å læra vekk det dei kan til ungdomane.

– Me har som mål at ungdomane skal møta jamnaldrande innanfor same interessefelt. I tillegg til at dei skal få grunnkurs i dei forskjellige tinga. Det er viktig at dei kjem seg ut i fylket og ut frå kulturskulane der dei held på til vanleg, seier Nilssen.

Samlinga blei avslutta med konsert med lokale utøvarar og dansefest på kvelden. Her fekk ungdomane vist fram det dei hadde lært for eit fullt hus.

Til toppen