Kulturberaren gjennom 30 000 år skal ikkje ofrast på denne måten
meiningar
(Foto: Arkiv)
meiningar

Kulturberaren gjennom 30 000 år skal ikkje ofrast på denne måten

«Eg og mange av lokalbefolkninga i Lærdal, Aurland og Hallingdal meiner dette galt og er redd dette vert eit tragisk eksperiment som ein vanskeleg kan sjå ein god ende på». skriv reinjeger Olav Grøttebø i eit ope brev til landbruksminister Jon Georg Dale.

  • Endret

MEININGAR: Landbruks- og matdepartementet har slutta seg til vurderingane som er gjort av Mattilsynet og gjeve dei i saman med Miljødirektoratet i oppdrag å planlegge sanering av Nordfjellaflokken innan 01. mai 2018.

Eg og mange av lokalbefolkninga i Lærdal, Aurland og Hallingdal meiner dette galt og er redd dette vert eit tragisk eksperiment som ein vanskeleg kan sjå ein god ende på.

Korleis er historia til villreinen? Frå rapporten Villrein og Samfunn(2004) referer eg fylgjande utsegner:

  • Ingen annan art i den norsk fauna kan spegla landets oppvakning etter siste istid slik som villreinen. 
  • Reinen utgjorde næringsgrunnlaget for menneska som koloniserte isfrie områder etter kvart som isen trakk seg tilbake.
  • Arkeologiske funn syner korleis ressursen i lang tid har vore nytta av mennesket -  villreinen er ein kulturberar. 
  • Stammane i sørnorske fjellområde er i dag siste rest av denne nøkkelressursen frå tidleg europeisk kultur.
  • Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen.

Jakta er i dag sjølvsagt underordna, men nødvending del av forvaltninga. Likevel – som jeger kjenner ein på instinkta og vert minna om våre forfedre. For andre farande i desse fjella er det og av stor verdi at dyra er der.

Med denne historiske bakgrunn og tidsperspektiv er det dramatisk at landbruksministaren på bakgrunn av råd frå vitskapskomiteen i mattilsynet har bestemt seg for å fjerne heile stamma av villrein i Nordfjella. Dyr som har overlevd i fleire titusen år skal fjernast basert på kunnskap til vitskapsmenn har tileigna seg siste 30 år. Denne kunnskapen er og ufullstendig og det er mange spørsmålsteikn.

Eg har forstått at sjukdomen kan starte på tre prinsipielt ulike måtar:

  • Sjukdomen oppstår spontant i eit dyr pga tilstand/ytre påverknad. I dette tilfelle er det ikkje smittsamt
  • Smitteoverføring ved kontakt mellom smitta dyr
  • Smitteoverføring indirekte via beite etc.

Ingen har svar på korleis sjukdomen har oppstått i dei tre dyra som er registrerte. Enkel sannsynlegheitsvurdering tilseier at spontan sjukdom av ulik art må ha vore i villreinflokkane mange gonger, men naturen har ordna opp i dette gjennom titusenvis av år. Kva om det har oppstått spontant i dei tre tilfella?

Strategi nr. 1

Vitskapskomiteen legg fram to moglege strategiar for å handtere CWD:

«Et effektivt tiltak i en avgrensbar bestand, som for eksempel Nordfjella, er at alle dyrene skytes ut og området legges brakk, det vil si fritt for hjortedyr, i minst fem år. «Avgrensbar» vil i denne sammenhengen si at det på grunn av naturgitte og menneskeskapte forhold er praktisk mulig og i stor grad å forhindre at hjortedyr går inn og ut av området.»

Underteikna si vurdering til denne strategi: Villreinbestandens beiteområde overlappar beiteområde til hjort og elg. Dei har mellom sleika på dei same saltsteinane. Det er alminneleg kjend at hjorten vandrar over store regionar og  i tillegg er i stand til å kryssa fjordar.

Vidare har villrein over mange år kryssa over riksveg 52 til tamreinområde. Det er og alminneleg kjend at tamrein har kryssa motsett veg og blanda seg med villrein. Eg har sjølv uforskyldt skote tamrein med klype i øyra midt i villreinområdet. Det kan godt allereie vere hjort eller tamrein som har same smitte som villreinen. Kva om smitte er i tamreinflokken og ikkje vert oppdaga?

Det verkar som CWD lettast oppstår på eldre dyr og dette vert forklart med at prionsjukdomen er ein slags forsvarsmekanisme. Desse vert gjerne ikkje valde ut til slakting med det fyrste?

Eit nytt gjerde over Hemsedalsfjellet er vel og bra, men det vert aldri ein 100 % sikker barriere. Gjerde snøar ned om vinteren. Vidare så er det samanhengande fjellområde til Hardangervidda og høgst sannsynleg, sjølv om ikkje folk ser det, kontinuerleg utveksling av reinsdyr mellom områda.

På 80-talet var faktisk ein stor del av bestanden frå Hardangervidda på direkte vitjing i Nordfjella. Min konklusjon er at bestanden ikkje let seg sikkert avgrensa og dermed er ikkje dette rådet frå vitskapskomiteen som gjeld avgrensa bestand gyldig. 

Strategi nr. 2

«I bestander som ikke er mulig å avgrense, vil den beste strategien for å kontrollere et utbrudd av skrantesyke være å skyte ut hjortedyr i det lokale området hvor sykdommen ble påvist. Det gjelder for de fleste hjorte-, elg- og rådyrpopulasjoner. Man vil da ta ut flest mulig av de dyrene som har vært utsatt for smitte gjennom direkte kontakt med de påviste dyrene, slik at man senker forekomst og spredning mest mulig. Hvor stort område man skal gjennomføre et slikt tiltak i, må baseres på kunnskap om hjortedyrets områdebruk akkurat der.»

Underteikna si vurdering til denne strategi: Eg og dei fleste eg har snakka med meiner at strategi nemnd i pkt. 1, altså nedskyting er galt basert på kunnskapsnivå/manglande kunnskap om situasjonen. Og som nemnd er min konklusjon at stamma ikkje er avgrensbar.

I tillegg er tidsperspektivet og Mattilsynets sine metodar for å utføre dette heilt urealistisk. Dette meiner og mellom anna Sigmund Tveitehagen gjennom uttale gjort i avisa Hallingdølen 9. mai. Tveitehagen er med i ei av gruppene som er oppretta for planlegging av sanering.

Me som er i fjellet mykje ser korleis villreinen oppfører seg. Dyra flyttar seg kontinuerleg og når dei er skremde er dei særs flinke til å finne ein utveg, gjerne gjennom steinura og opp i dei høgaste fjella. Ikkje rart dei har overlevd gjennom 30 000 år! 

Såleis vert ein strategi meir i tråd med nr. 2 rettast, ikkje minst sidan eventuell smitte spreier seg særs sakte.  Altså ein gradvis reduksjon av bestand og ta bort «unaturlege» møteplassar som saltsteinar i vente av meir kunnskap og informasjon. Dette er ein strategi som gjev moglegheit for at naturen går sin gang. At dei sjuke dyra forsvinn og dei sterke/resistente formeirar seg. 

Om ein om nokre år finn at smitte framleis er i Nordfjella flokken og er tryggare på avgjerdsgrunnlaget - kan ein på nytt vurdere om den dramatiske «skrivebordsstrategien» nemnd i pkt. 1 framleis er aktuell. 

Det er positivt at departementet er opne for nye vurderingar og fylgjer opp ny informasjon fortløpande framover. Dette gjev håp.

Lærdal 21. mai, 2017

Olav Grøttebø ( ..utan økonomiske interesser i saka..)

Til toppen