AKTIVITET: Det er duka for eit mangfald av aktivitetar denne helga i Skjolden. Foto: Jeremy Joslin. 
AKTIVITET: Det er duka for eit mangfald av aktivitetar denne helga i Skjolden. Foto: Jeremy Joslin. 

Kulturdagane på Skjolden 

I helga er det duka for det årlege arrangementet "Kulturdagane på Skjolden".

Luster: Skattejakt, krim-kveldog utedans er noko av det som står på programmet får kulturdagane. 

– Det er kort veg over fjellet dersom årdølene ønskjer å ta turen, seier Erik Bolstad, arrangør. 

Dette skjer i Skjolden: 

Fredag 27.5

  • Kl 17:00 Skattejakt i Moane. Grilling og familiehygge på aktivitetsplassen. IL Fanaråk arrangerer.
  • Kl 20.00 Krim-kveld på Skjolden Brygge. Forfattaren Rune Timberlid les frå ei av bøkene sine og snakkar om skriveprosessen, på Bryggjehuset til dunkel belysning og noko godt i glaset. Det vert mogeleg å kjøpa og få signert bøker av forfattaren.

Laurdag 28.5

  • Kl 12.00 Innmarsj og minikonsert av Dale Skulemusikk.
  • Kl 12.30 - Opning av kulturdagane v/ Erling Bjørnetun og utdelinga av Kulturdagarprisen. - Kunstutstilling ved Ivar Svensøy, Signe Fortun Weka, Marta Marie Bukve og Mara Nyhus i gamle biblioteket og oppå hemsen - Klesutstilling ved Mara Nyhus - Salsutstillingar og grillkafèen opnar - turar med hest og vogn - ansiktsmaling/sminke for born.
  • Kl 13:00 Sprø Sangglede og Snikkelora syng frå scenen Kajakkpadling for born i haugsbukti.
  • Kl 14.00 Klesvisning i Hotellhagen, Skjolden Catwalk. Bjørg Hovland: Sognebunad/drakt Lill Halbakken: Klesvisning av eige design.
  • Kl 15.00 Unge elevar frå Luster danseverkstad opptrer på utescena.
  • Kl 15.30 Teaterforestillinga «Peter Pan» (familieshow) av Egalteater I salen på Fjordstova.
  • Kl 18.00 Konsert i Fortun kyrkje med Distriksmusikarane i Sogn med gjester (m.a. Sindre Steig), fri inngang/kollekt til vedlikehald av Fortun Kyrkje, Arrangør er Diakoniutvalet.
  • Kl 19.00 Sindre Steig spelar akustisk på Skjolden Brygge.
  • Kl 21.00 Utedans med Vidar Busk & his true believers, i hagen til Skjolden Hotell. Billett. 18 års aldersgrense.

​Søndag 29.5

  • Kl 9-11 Frukost i det fri i hagen mellom Fjordstova og hotellet.
  • Kl 11.30 Glad Morgonsang i salen på Fjordstova med rådgjevar i Sogn Fjordane Indremisjon Trond Fr. Johansen. Kollekt.
  • Kl 12.15 Kulturdagane opnar med sals-, kunstutstillingar og utstilling av veteran traktorar. Det vert også 4H lotteri og Lykkebod.
  • Kl 12.30 Sal av rømmegraut ved gamle posten i Fjordstova, ved Diakoniutvalet.
  • Kl 13.00 Veteranbilparade og utstilling.
  • Kl 13-15 Luftpistolskyting i Fjordstova.
  • Kl 15.00 Premieutdeling Veteralbilutstilling.
  • Kl 15.30 Trekning Kulturdagarlotteriet.
  • Kl 16.30 Avslutningskonsert i Fjordstova med «Folk Flest» som er utseld. 
  • Kl 19.00 Ekstrakonsert med «Folk Flest». 
Til toppen