KULTURPRISEN: Terje Svori mottek Kulturpisen frå Årdal kommune på vegne av Hugin Musikkforum. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
KULTURPRISEN: Terje Svori mottek Kulturpisen frå Årdal kommune på vegne av Hugin Musikkforum. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Kulturprisen gjekk til Hugin Musikkforum

– Det er ei anerkjenning av det arbeidet me har gjort, seier leiar Terje Svori.

Årdal: Torsdag var Kulturprisen frå Årdal kommune delt ut til Hugin Musikkforum for arbeidet dei har gjort sidan stiftinga i 1998, der dei har samla utøvande, uorganiserte musikarar. 

Stiftinga har sidan start bygd seg opp frå å vera ein arranglr av Påskerock og andre konsertar til å kunne tilby moderne fasilitetar som studio og øvingslokale i Utladalen. 

– Dette er ein gjev pris og ei anerkjenning som kommunen gir til Hugin Musikkforum. Det er kjekt å bli sett pris på og gitt merksemd til. Dette er eit arbeids som starta i 1998, og eg deler prisen med alle vore medlemar, seier Svori, som tok imot prisen på vegne av Hugin.

Hugin er der det skjer, og i 2015 har dei blant anna arrangert konsert med Marit Larsen og Sigrid Moldestad, vore med på å utvikle Bakeriet og hatt ansvar for arrangement i Skåri. Dei har også samla inn 180 000 kroner til gode formål gjennom «Ei god jul for Janne» og «Flyktninghjelpa».

– Me har gått frå å vera i Påskerock-arrangør til å ha eiga musikkverkstad med studio og øvingsmoglegheiter. Det har vore eit travelt år med medlemar som gjer seg gjeldande på Målrock og andre ting. 

Året toppa seg då Hugin gav ut bok om musikkmiljøet i Årdal. Svori fortel at denne har blitt godt motteke og at salet har gått bra. No er dei i gang med nye prosjekt.

– Det er motiverande å jobba vidare når ein får ein slik pris, og me har medlemar som er i gang med planleggjing av nye prosjekt. Detaljane er ikkje heilt på plass, men skisser og planar er der. Hugin er med der det skjer, og me synest det er kjekt å driva med kultur og skapa arrangement som publikum forhåpentlegvis har glede av. 

Til toppen