KULTURPRIS: Harald Thune og «Indre Ofredals vener» fekk kulturprisen i Årdal for 2016. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KULTURPRIS: Harald Thune og «Indre Ofredals vener» fekk kulturprisen i Årdal for 2016. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kulturprisen gjekk til veneforeninga i Ofredalen

Harald Thune mottok prisen torsdag.

Årdal: I april 2016 vedtok kommunestyret i Årdal å inngå ein driftsavtae med den nystifta foreininga «Indre Ofredals Vener». Innan då hadde dugnadsgjengen allereie lagt enorme timar med dugnad for å setje i stand anlegget i Ofredalen.

Torsdag fekk dei ei symbolsk løn for strevet då ordførar Arild Ingar Lægreid delte ut kulturprisen til Harald Thune og veneforeinga. 

– Det var ei overrskinga å få denne prisen. Me har snakka om det og håpar at me ein dag kunne få ein slik pris, men at me skulle få han så fort, hadde eg ikkje trudd, sa han i takketalen sin.

I avtalen mellom kommunen og veneforeininga fårsistnemnde høve til å utvikle og drive anlegget i samsvar med vedtektene til foreininga og at dei kan knyte til seg aktørar som er interesserte i å utvikle anlegget også på komersiell basis. 

Frå ulike fagnivå er det synt stor interesse for det særeigne ved Ofredalsanlegget, og det er signalisert fagleg bistand både lokalt, regionalt og nasjonalt. 

Thune takka for prisen og takka alle som har vore med og bidrege med dugnad fram til no. 

– Årdal har vore heilt eineståande. Me har fått hjelp frå alle. 

Til toppen