GLAD FOR ÅTGJERDER FOR Å TA VARE PÅ STØLANE: Kristin Sønnerheim, som vann Sogn og Fjordane sin kulturpris i fjor, er glad for at fylket no aukar innsatsen for å ta vare på dei stølsbøndene som er att.
GLAD FOR ÅTGJERDER FOR Å TA VARE PÅ STØLANE: Kristin Sønnerheim, som vann Sogn og Fjordane sin kulturpris i fjor, er glad for at fylket no aukar innsatsen for å ta vare på dei stølsbøndene som er att. (Ole Johannes Øvretveit/NRK)

Kulturprisvinnaren rosar stølstiltak: – Geitene er viktige 

Ho skulle helst sett at endå fleire bønder dreiv med geiter og heldt seg til støls om sommaren.

Aurland/Sogndal: – Stølsdrifta har voldsomt mykje å seia for kulturlandskapet. Det at det vert drive med geiter er viktig. Geitene har den evna at dei et alt, også små rotskot som vert til tre om dei får veksa til, seier aurlendingen Kristin Sønnerheim, fjorårets vinnar av fylkeskulturprisen. 

Prisen fekk ho for arbeidet ho har lagt ned i å halda Aurlandsdalen i hevd. Helst hadde ho sett at det var nokre geiter i dalen til å hjelpa seg åt med.

– Det skulle vore mykje meir geiter kringom. Dei har ei unik evne til å halda kulturlandskapet i hevd. Dei reinskar heile område slik at dei vert haldne skogfrie. Sauene gjer ikkje det, seier Sønnerheim. 

Tilhøva for geitehald i fylket har betra seg sidan i fjor. Fylkesmannen har bestemt at tilskottet til stølane i fylket skal doblast, som eit tiltak for å stogga avviklinga av fjellbeita og stølskulturen.

Det samla tilskottet går opp med halvannan million kroner til tre millionar kroner. Vilkåret for å få slikt tilskott er at ein driv mjølkeproduksjon minimum ein månad til fjells om sommaren. 

Også tilskott til skjøtsel av bratt areal vil auka med 1,4 millionar kroner.

Geitehald og stølsdrift går hand i hand

Sønnerheim helsar det auka stølstilskottet velkome. Ho seier at når nokon sluttar med geiter, so går det ikkje lange tida før landskapet gror att. 

– Tenkjer du at stønad til stølsdrift fyrst og fremst er ein stønad til geitehald?

– Geiter lyt opp på stølane og fø seg sjølve om sommaren. Det som veks heime på garden er til vinterfôret. Har ikkje geitebøndene stølane, so vil dei ikkje ha att fôr til beista om vinteren, og då kan du ikkje ha dei. Det er i grunn ein veldig flott syklus i dette, seier Sønnerheim. 

Stølsdrivar i Sogndalsdalen helsar også tilskottsauken velkomen 
Nina Selseng og mannen hennar driv jordbruk i Sogndalsdalen, og lèt geitene få koma til Anestølen om somrane, og der mjølkar dei då geitene morgon og kveld. 

– Det er klart me er glade for at fylkeskommunen doblar tilskottet til stølsdrift. Alle monnar drar. Det er bra at dei ser verdien i det, og at dei set pris på at me brukar stølane våre, seier Selseng. 

FEKK PÅSKJØNNING FRÅ KOLLEGAENE: Nina og Jan Ove Selseng (til høgre) blir heidra av kollegaane i Indre Sogn produsentlag for å ha fått sølvtina til Tine. Tidlegare bondelagsleiar Per Hilleren til venstre. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Som Sønnerheim seier ho at stølsdrift og geitehald går hand i hand, og at det held kulturlandskapet i hevd. Ho synest difor det er viktig at geitehald vert støtta oppunder av samfunnet.

Likevel legg ho til at ho i alle høve ville ha drive stølen.

– For oss er det naturleg å bruka han, det har med fôrsituasjonen å gjera. Geitene finn maten dei treng i fjellet om sommaren.

Ekteparet Selseng er òg heldige med at stølen har vore teken vare på og halden i drift av tidlegare generasjonar, og at det går både veg og straumliner fram. Soleis slepp dei å mjølka geitene for hand.  

Sønnerheim trur tilskottet er viktig på eit psykologisk plan

Kulturprismottakaren frå Aurland trur doblinga av tilskott som stølsbøndene no får, kan vera avgjerande for somme.

– Det kan vera det det som får unge til å finna ut at det har noko for seg å halda fram drifta, seier Sønnerheim. 

«Meirarbeidet og meirkostnaden med stølsdrift gjer at nokre bønder noko motvillig vel vekk stølsdrifta, og talet stølar i Sogn og Fjordane har diverre gått noko nedover dei siste åra», skriv Fylkesmannen i si kunngjering i høve auken i midlar til stølane. 

Den som stølar lyt stå grytidleg opp og mjølka geitene, og so ysta utetter dagen, og mjølka att på kvelden. 

– Stølsdrifta er ei heildøgers drift som er svært arbeidskrevjande. Tilskotet er dermed viktig også fordi bøndene då ser at det er nokon som set pris på alt arbeidet dei gjer, seier Sønnerheim. 

Ho meiner jobben dei gjer er viktig ikkje berre for kulturlandskapet, men òg for landet. 

– Det har alt å bety for matproduksjonen- og tryggleiken i landet at gardsbruk vert opprettheldt. Frå stølane får me god ost og kjekjøt. Meir heimelaga og rein mat finn du ikkje. Det er vinn-vinn for samfunnet at folk driv stølane, og det er prisverdig at fylkeskommunen ynskjer å stø opp om dette og gje inspirasjon. 

Ikkje mange fylke i landet har stølsdrift

Liv Astrid Norheim Kusslid er ein av kontaktpersonane på jordbruk hjå Fylkesmannen.  

– I og med at det ikkje er mange fylke som har stølsdrift i dag, har me eit ansvar for å halda ho i hevd, me som framleis har denne kulturen, seier Kusslid. 

Det er 60 stølar i fylket. Dei fleste ligg i Nordfjord, men det er også fleire i Indre Sogn, ikkje minst i Veitastrond. Kusslid skulle gjerne sett at det vart fleire bønder som byrja med stølsdrift. 

– Men dette tilskotet er for å slå ring om dei stølane me alt har i drift. Talet på stølar i aktiv drift her i fylket har nemleg gått nedover dei seinare åra, seier Kusslid. 

Ho ser på tilskottet som ei betaling for produksjonen av eit miljøgode for storsamfunnet. Det handlar om å ta vare på ein matkultur og eit landskap, og so å redusera importen av kraftfôr.  

– Stølstilskotet er ei handsrekkjing til dei som tek meirarbeidet og meirkostnaden med å ha mjølkeproduksjon på stølen om sommaren, seier Kusslid. 

Dersom nye bønder byrjar med stølsdrift, vil dei få tilskott fyrst det påfylgjande året. 

Til toppen