Lærdal: På det siste kommunestyret i Lærdal for året, var det tre elevar frå kulturskulen som framførte både sketsj og julesongar før dei folkevalde tok til å eta.
Sketsjen handla om kor glade dei er for å ha kulturskuletilbodet og kinoen i bygda.
Dei vart overraska og glade då dei fekk kvar si julegåve frå kommunen etter førestillinga, før dei fortalde ordførar og kommunestyre at dei fekk skunda seg attende til skulen og til mattetime.