JUNGELEVENTYRET: Elevane var glade og spente då dei synte fram førestillinga Jungeleventyret i Årdal kulturhus,
JUNGELEVENTYRET: Elevane var glade og spente då dei synte fram førestillinga Jungeleventyret i Årdal kulturhus, (Foto: Ådne Dyrnesli)

Kulturskulen i Årdal synte fram førestillinga June i Jungelen - Sjå stort bildegalleri

Jungeleventyret bydde på både dyktige, energiske og engasjerte kulturskuleelevar, til glede for dei oppmøtte i Årdal kulturhus.

Årdal: Dette var sommaravslutninga vår og me er veldig nøgde med korleis alt blei, seier Sigyn Øren, rektor på Årdal kommunale musikk- og kulturskule. 

Ein musikal

Jungeleventyret er ein musikal som handlar om June som ikkje kan få dyr fordi ho har astma, men June har skikkeleg lyst på dyr likevel. Ho drøymer at ho er i ein jungel der ho blir ven med apekatten Alfred, jålebukken Edmund Struts, Rotta Regina og mange andre dyr. 

Kulturskulen hadde instrumentale elevar som spelte musikk til førestillinga saman med eit band beståande av lærarar, samt musikkelevar som stod for dans og song.

– Førestillinga blei veldig bra til slutt og det kom rundt 115 stykker og såg på. Dei som var med var strålande nøgde. 

Spente elevar med nerver i spenn

Elevane kunne knapt venta med å gå på scena og vise fram det dei hadde jobba så hardt med. 

– Det var så mange som berre gjekk å trippa bak sceneteppet. Stemninga var heilt elektrisk og alle pratte om kor mykje dei gledde seg. 

Kulturskulen har lagt ned ein solid innsats før førestillinga.

– Elevane tykkjer det er så stas med kostyme og kulissar og så blei dei i tillegg veldig fine. Me gjorde oss stor flid med heile produksjonen og har brukt mange månader på dette. Den siste veka har vore intensiv, seier Øren.

Lovar nye og spanande prosjekt til hausten

Etter sommaren ventar det nye og spanande prosjekt for kulturskulen og Øren håpar endå fleire vil byrje når hausten kjem. 

– Me har spanande planar for neste skuleår og neste år blir det ekstra spanande med samarbeidet me har mellom gruppene i kulturskulen. Eg vil ikkje sei så mykje meir om det endå men me planegg eit stort prosjekt, seier ho lurt. 

(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
JUNGELEVENTYRET: Elevane var glade og spente då dei synte fram førestillinga Jungeleventyret i Årdal kulturhus, (Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
(Foto: Ådne Dyrnesli)
Til toppen