Årdal: – Eg tykkjer det er kjekt når dei kjem og spelar. Eg ville gjerne at dei kom oftare, fortel Anders G. Hestetun, ein av dei som bur på sjukeheimen i Årdal.
– At dei torer å gå fram og visa seg og syngja i lag og gjera seg gjeldande, det tykkjer eg er bra. Det er ikkje alle som greier det, seier Hestetun.

Han var òg glad for dei mange foreldra til kulturskuleelevane som møtte opp. Somme av dei kjente han frå før, andre ikkje.
– Det er kjekt når det kjem litt kjentfolk hit.
Wenche Nyheim, som er tilsett ved sjukeheimen, sette òg pris på å få besøk av kulturskulen.
– Dei hadde ulike nivå, men det er fint at alle torer å framføra musikken. For sjukeheimen er det flott å få dei på besøk.
Sidan det er sopass sjeldan at det skjer noko ekstra på sjukeheimen, hadde ho gjerne sett at mannskoret og kulturskulen hadde delt seg opp og kome på to ulike dagar. Slik hadde fleire stunder på sjukeheimen vorte litt utanom det vanlege.

Kulturskuleelevane likte å spela på sjukeheimen
To av dei som spela var syskena Augustas Juska og Beatrice Juskaite. Augustas går i småskulen og spela på saksofon på scena saman med tre kameratar frå kulturskulen og lærerinna.
Beatrice går i ungdomsskulen, spelar gitar og syng.
– Eg var litt nervøs, seier Augustas, men han likte å framføra stykka likevel.
Å spela og å dansa det kjekkaste han veit. Etter å ha framført på sjukeheimen skulle han rett på generalprøva til danseverkstaden.

Beatrice elskar musikk. På kulturskulen får ho undervisning i gitar og song ein gong i veka i til saman førti minutt.
– Det er kjekt å opptre på sjukeheimen. Her får me øva oss på å spela framom eit publikum, seier Beatrice.
Ho fortel at valet av songar ikkje var tilfeldig, men tilpassa publikummet.
– Det gjeld å syngja ein norsk song som dei hugsar, seier ho.