VIL GJE TILBAKE. Inger Karlsen og Bert Brons fortel at dei arrangerer Kulturveka for å gje tilbake til kommunen.
VIL GJE TILBAKE. Inger Karlsen og Bert Brons fortel at dei arrangerer Kulturveka for å gje tilbake til kommunen. (Bilde: Synne Asheim Haga)

Kulturveke for store og små

Søndag brakar den årlege Kulturveka laus. 

Årdal: Til veka går Øvre Årdal sokneråd si årlege Kulturveke av stabelen for tolvte gong. 

– Kulturveka startar alltid med Ung messe på søndagen, seier soknerådsleiar Inger Karlsen. 

Ho fortel vidare at arrangementet vil gå føre seg heilt til fredag og at det heile vert avslutta med eldretreff. 

– Og det er veldig populært, legg ho til. 

I år er det Årdal gålag som skal ha innslaget på eldretreffet, der dei blant anna viser bilder av turane sine. 

– Så vil det bli servert rømmegraut, kaffi og kaker. 

Skal omfamne alle aldrar

Karlsen fortel at Kulturveka skal passe for alle aldrar. 

– Det skal blant anna vere eit trylleshow med ein illusjonist, seier soknerådsleiaren.

På programmet står også mellom anna korpskveld, der grupper frå heile Sogn skal delta. 

– Det kjem utruleg mange korps, fortel organist og tilsett i kyrkja, Bert Brons. 

– Ja, dei kjem frå Flåm, Sogndal, Årdalstangen og til og med Dale, legg Karlsen til. 

Det vert også innslag frå musikkskulen og nytt i år er kunstutstilling, der Mona Øren skal vise fram verka sine. Elevane ved kunstskulen skal òg syne kva dei har laga. 

Eit gjenoppretta Farnes Mannskor

Tirsdagen er det lagt opp til korkveld, der tre kor frå Årdal skal framføre.

Brons fortel at dei før har invitert kor utanbygds frå, men at dei valde å ikkje gjere det i år i samband med gjenopprettinga av Farnes mannskor. 

– Mannskoret har bestått i åttièin år, men so blei det lagt ned i fjor. I år er dei vekka til liv igjen og det er gjer det litt spesielt i år, fortel Brons. 

Vil gje tilbake til befolkinga

– Me begynte eigentleg med Kulturveka fordi me fekk dette her frå kommunen, seier Brons og viser til det akustiske anlegget i kyrkja.  

– Det er ein fantastisk akustikk her. 

I tillegg til sponsing frå kommunen har det òg vore kronerulling for å få råd til eit flygel i kyrkja. 

– Så det er hovudsakleg fordi me har lokale og at me vil gje litt tilbake til befolkninga, seier han. 

Til toppen