RÅKA: Dagleg leiar i Årdalsnett fortel at kundar av dei er råka av forhandlingsbrotet mellom Discovery og Telenor, noko som fører til at TV Norge-kanalane har gått i svart. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
RÅKA: Dagleg leiar i Årdalsnett fortel at kundar av dei er råka av forhandlingsbrotet mellom Discovery og Telenor, noko som fører til at TV Norge-kanalane har gått i svart. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes.)

Kundar i Årdal og Lærdal råka av brot i TV-forhandlingar

Alle som er kundar av Canal Digital har mista tilgangen til Discovery sine 13 kanalar.

Årdal/Lærdal: – Det får konsekvensar for alle kabel-TV-kundar i Årdal og Lærdal, seier dagleg leiar i Årdalsnett Odd Øren.

Dei har 2300 kundar i området, så dette er ei alvorleg sak for det lokale selskapet. Årsaka til at kanalane har fått i svart er på grunn av eit brot i forhandlingar om distribusjon mellom Discovery og Telenor.

Discovery eig TV Norge, Max, Eurosport Norge, Discovery og ni andre kanalar. Telenor, som eig Canal Digital, vil ikkje gå med på ein prisauke på distribusjon.

Ein kaffikopp

«Sidan me inngjekk førre avtale med Telenor i 2010, har dei auka sine utsalsprisar til deg med mer einn 30 prosent. Og trass i at me har vekst kraftig dei siste åra, og investert tungt i norsk underhaldning, har vår del av dette blitt mindre og mindre. Så kven sit att med pengane dine? Alt me ønskjer er at Telenor betalar for vårt innhald på same nivå som andre andre distributørar. Kan det kallast urimeleg?» skriv TV Norge-direktør Harald Strømme i sin blogg.

Vidare hevdar han at prisauken tilsvarar ein kaffikopp i året, noko informasjonssjef i Telenor, Tormod Sandstø, avfeier til VG

– Årdalsnett får sine TV-signal frå Canal Digital, slik som mange andre operatørar i Noreg. Til saman dekker me om lag éin million husstandar. Når Discovery nektar å levere til Canal Digital, får heller ikkje me signala inn i våre nett, forklarar Øren i Årdalsnett.

– Discovery er eit amerikansk medieselskap og har i det siste brukt enorme summar på å kjøpe rettigheiter til ei rekke sportsaktivitetar. Me mistenker at dei med dette vil ta mykje av dette inn ved å skru opp prisane til alle, ikkje berre på sportskanalane. Og prisauken er meir enn ein kaffikopp, legg han til. 

Uakseptabelt

Vidare understrekar han at dette er kanalar som baserer seg på inntekter frå reklame, og at desse inntektene vil auke med sportssendingane. Difor er det ikkje akseptabelt at dei skal auke prisen på kanalar som ikkje viser sport. 

Det er ikkje berre kundar av Årdalsnett som mistar TV Norge-kanalane. Canal Digital-kundar generelt, anten ein har parabol eller kabel-TV, vil møte eit svart bilete med ein kort informasjonstekst på når dei skrur på desse kanalane.

Til toppen