IKKJE NØGDE: Gro Starheimsæther og ordførar Jan Geir Solheim (begge SP) uttrykte begge misnøye med kommuneplanen-samfunnsdelen i torsdagens formannskapsmøte. Foto: Ole Ramshus Sælthun
IKKJE NØGDE: Gro Starheimsæther og ordførar Jan Geir Solheim (begge SP) uttrykte begge misnøye med kommuneplanen-samfunnsdelen i torsdagens formannskapsmøte. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Kunne like godt brukt "copy-paste" frå andre sine planar 

Formannskapet i Lærdal var svært kritiske til jobben som er gjort med samfunnsdelen av kommuneplanen. Fylkesmannen har kome med mange innvendingar i høyringsrunden. 

Lærdal: – Dette står eigentleg til stryk karakter, sa Kåre Mentz Lysne då formannskapet vurderte kva dei skal gjera med samfunnsdelen av kommuneplanen.

Kommunane er pålagd å ha ein såkalla samfunnsdel i kommuneplanen etter plan-og bygningslova, dette for å samordna planlegging på tvers av sektorane. Norconsult utarbeidde ein slik plan for Lærdal kommune på oppdrag frå administrasjonen og planen vart lagd ut på høyring.

Etter høyringsfristen var over kom Fylkesmannen med merknader i eit fire siders langt dokument. Merknadane går for det første på at det i planen ikkje er vist til retningslinjer og føringar frå statlege og regionale myndigheiter. 

Det andre hovudpunktet frå Fylkesmannen står formulert slik: "Vi saknar klarare prioriteringar i planen slik at den vert meir konkret og spissa når det gjeld måla og ikkje minst strategiane." 

Rådmannen: – Det er de som bestemmer om det er godt nok.

Gro Starheimsæther (Sp) var i formannskapet torsdag klar i sin dom:

– Me fann det i utgangspunktet bemerkelsesverdig at ein skulle leiga inn kompetanse til dette, men fekk gode forklaringar på kvifor. No viser det seg at det ikkje var spesielt lurt. Ein kunne tydelegvis ha brukt "copy-paste" frå andre sine planar. Då skjønar ikkje eg poenget. Dette er ingen god plan for Lærdal sin del, den har meir eller mindre som utgangspunkt at me driv med styrt avvikling av bygda. 

Partikollega og ordførar Jan Geir Solheim var inne på det same.

– Diskusjonen me hadde i framkant av utlegging av planen var ganske heftig. Skal me eiga denne planen, må me gjera jobben sjølve. Andre kommunar som lagar slike planar får heile bygda med seg. Me jobbar kvar dag for at det skal bli betre å bu her i Lærdal, at me utviklar oss i ei retning, og det må koma fram i planen.

Rådmann Alf Olsen jr. svarde slik på kritikken:

– Prosessen har skranta heile vegen, me har hatt to-tre sakshandsamarar inne og fleire konsulentar. Men eg må minna om at det er de som har lagd den ut, og at det er de som bestemmer om det er godt nok.

– Blir fort påske før me kjem i mål

Annike Vanberg (Sv) dreia så diskusjonen over på temaet som gjorde det ekstra kinkig at planen ikkje er god nok:

– Me skulle ha vore meir vakne her.  Eg er oppteken av å gjera ting rett, men det er ikkje vits i å skyva ting ut i tid.

Ho viste då til skulebruksplanen. For; kommunen må etter lovverket ha ein samfunnsdel av kommuneplanen i botnen før dei vedtek ein skulebruksplan. I tillegg viste Vanberg til at kommunestyret i desember 2014 vedtok at den nye kommuneplanen-samfunnsdelen skulle vedtakast i samband med skulebruksplanen.

Ettersom både administrasjonen og politikarane var klare på at ein burde få vedteke skulebruksplanen i komande kommunestyremøte, 20.oktober, ville det bli trøbbel utan ein god nok kommuneplan-samfunnsdel.

– Ein ny høyringsrunde tek seks veker, så skal det diskuterast og nye og betra punkt arbeidast inn i planen. Det blir fort påske før me kjem i mål med dette, sa rådmann Olsen.

Vidare opplyste han at det var mogleg å vedta skulebruksplanen før ein vart ferdige med kommuneplanen-samfunnsdelen:

–  Me har ein slik plan i botnen - den veldig gamle. Så me er innanfor lovverket. Og kommunestyrevedtaket frå 2014 kan opphevast, men det må kommunestyret sjølv gjera. Dermed står det ikkje noko i vegen for å vedta skulebruksplanen ved første høve.

Slik vart det også; formannskapet vedtok å senda kommuneplanen-samfunnsdel ut på ny høyring, medan dei la opp eit løp for å få vedteke skulebruksplanen i kommunestyret 20.oktober.

Til toppen