KUNNE VORE UNNGÅTT: Assisterande direktør i Kriminalomsorga seier dei kunne ha forhindra at trippeldrapstiltala hoppa og skada seg så stygt at han seinare døydde. Foto: NTB/Scanpix.
KUNNE VORE UNNGÅTT: Assisterande direktør i Kriminalomsorga seier dei kunne ha forhindra at trippeldrapstiltala hoppa og skada seg så stygt at han seinare døydde. Foto: NTB/Scanpix. (Foto: NTB/Scanpix.)

– Kunne unngått at trippeldrapstiltala tok sitt eige liv

Assisterande regiondirektør i Kriminalomsorga seier fengselsbetjentane var feilplassert då den trippeldrapstiltala kom seg opp på eit tak og hoppa og seinare døydde av skadane.

Det var 1. september i år at den trippeldrakstiltala sør-sudanaren klarte å klatre opp på eit tak og hoppa. Ti dagar seinare døydde han av skadene då legane valde å kopla han frå respiratoren.

Det var i forbindelse med ein psykologsamtale at 31-åringen var på uteområdet i Bergen fengsel. Med seg hadde han tre fengselsbetjentar og to psykologar.

No seier assisterande direktør i Kriminalomsorga Leif Waage til NRK Sogn og Fjordane at hendinga kunne vore unngått. 

– Me kan ikkje sjå vekk frå at med ei anna fysisk plassering, så hadde denne hendinga kunne vore unngått, seier han.

– Me ser no at den dagen han var i ein behandlingssamtale med to psykologar og blei passa på av tre av våre betjentar, så kunne dei vore plassert annleis dersom dei hadde tenkt at det var mogleg at hgan ville skade seg sjølv og ta livet av seg.

Den 4. november er det eitt år sidan sør-sudanaren drap ei 19 år gamal jenta frå Årdal og to menn i 50-åra med kniv ombord på Valdresekspressen.

Tidlegare i oktober melde VG at politiet ikkje reiser tiltale mot Bergen fengsel på grunn av hendinga. 

Til toppen