MOBBING: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterer nye tiltak i kampen mot mobbing. Foto: Flickr/Justis- og beredskapsdepartementet.
MOBBING: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterer nye tiltak i kampen mot mobbing. Foto: Flickr/Justis- og beredskapsdepartementet. (Foto: Arkiv)

Kunnskapsministeren gir Fylkesmannen ein ny sjanse i mobbesaker

Kunnskapsministeren vil framleis ha Fylkesmannen som klageinstans i mobbesaker, trass stor misnøye med ordninga.

Indre Sogn: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) la måndag fram den nye tiltakspakken mot mobbing frå regjeringa.

Det var knytt spenning til om statsråden ville vidareføre ordninga vi har i dag med å la Fylkesmannen vere klageinstans i mobbesaker eller gå over til eit uavhengig nasjonalt klageorgan. Både eit regjeringsoppnemnd mobbeutval og Barneombodet har rådd til dette, og har peikt på at ordninga med Fylkesmannen har fungert dårleg.

Dagbøter

Isaksen går derimot heller for ei mellomløysing: Han beheld fylkesmann-ordninga, men lover større ressursar og fleire verktøy. I tillegg skal Barneombodet bli styrkt – for å kunne fungere som ei vaktbikkje overfor fylkesmennene i landet og for å kunne gå inn i kompliserte mobbesaker.

Fylkesmannen skal no få moglegheit til å gi skuleeigarar dagbøter om vedtak i mobbesaker ikkje blir følgt opp. Elevane får også rett til å klage direkte til Fylkesmannen utan å gå vegen om skulen, og Utdanningsdirektoratet blir innført som eit nytt klageorgan over Fylkesmannen.

Vaktbikkje

Barneombod Anne Lindboe seier til NTB at ho ser fram til å bli advokat for barna i mobbesaker og til å hjelpe fleire barn med å nå fram i klagesaksbehandlinga. Ho legg samtidig ikkje skjul på at ho er skeptisk til å ha Fylkesmannen som klageinstans vidare også.

– Ordninga har ikkje fungert godt nok, og vi har sett store skilnadar i oppfølginga mellom dei ulike fylka. For dårleg kapasitet og eit for tett forhold mange stader mellom kommunane og fylkesmennene, gjer også ordninga problematisk, seier Lindboe.

– No blir fylkesmennene styrkt, og dei får fleire verktøy i arbeidet, så vi vil følgje med på om dette er godt nok, seier Lindboe.

Varslar omkamp

Leiar i mobbeutvalet, Øystein Djupedal, er skuffa over at Isaksen ikkje følgde den klare tilrådinga frå utvalet om Barneombudet som nasjonal klageinstans.

– Å leggje dette til fylkesmennene, er ei dårlegare løysing enn å leggje det til Barneombodet. Fylkesmannen har i dag ikkje den kompetansen som trengst, seier den tidlegare SV-statsråden til Aftenposten.

SV-leiar Audun Lysbakken meiner regjeringa sviktar mobbeoffera ved å ikkje få på plass ein uavhengig nasjonal klageinstans, og seier SV vil prøve å få omkamp om saka i Stortinget.

KrF ønskjer på si side eit mobbeombod i kvart fylke og meiner Barneombodet ikkje vil ha kapasitet til å gå inn i alle kompliserte mobbesaker landet rundt.

Sjå alt i samanheng

Kunnskapsministeren seier valet er gjort av fleire grunnar.

– Eg vil at Barneombodet skal få halde fram med å vere eit ombod og skal få tale saka til alle barn. Derfor synest eg at det ville vore feil om Barneombodet skulle gjere vedtak mot barn, seier Isaksen til NTB.

– Eg meiner Fylkesmannen er rett, blant anna fordi dei kan sjå heile kommunen og dermed heile barnet, både skule, barnehage, barnevern og helse. Derfor kan dei ha denne oppgåva saman med andre klagesaker, tilsyn og rettleiing og kan sjå dette i ein samanheng, seier han.

Chat-teneste

Blant dei viktigaste tiltaka i mobbepakken frå regjeringa er ein konkret aktivitets- og handlingsplikt for skulane i mobbesaker.

Kunnskap om antimobbearbeid skal bli styrkt både i skulen og i barnehagane.

Kunnskapsministeren varslar også ei særleg satsing mot digital mobbing. Også slik mobbing kan utløyse aktivitetsplikt for skulen, opplyser han.

Det kjem også ein ei eiga telefon- og chat-teneste for barn som opplever mobbing. (©NPK)

Til toppen