RAMMEPLAN: Måndag presenterer kunnskapsministeren den nye «grunnlova» som bestemmer kva barn skal oppleve og lære i dei 6000 barnehagane i landet. ​Foto: Truls Grane Sylvarnes.
RAMMEPLAN: Måndag presenterer kunnskapsministeren den nye «grunnlova» som bestemmer kva barn skal oppleve og lære i dei 6000 barnehagane i landet. ​Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kunnskapsministeren legg fram ny rammeplan for 6000 barnehagar

Måndag presenterer kunnskapsministeren den nye «grunnlova» som bestemmer kva barn skal oppleve og lære i dei 6000 barnehagane i landet. 

Indre Sogn: – Alle barn fortener å få eit godt barnehagetilbod uansett kvar dei bur, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Nesten alle barn går i barnehage, men tilbodet varierer.

– Ein god barndom er viktig i seg sjølv og for resten av livet. Då må foreldra vite at barnehagen gir barna deira eit godt grunnlag for framtida, uttalar Røe Isaksen i ei pressemelding.

Meir vekt på forpliktingane til barnehagen

Store forskjellar i barnehagetilbodet gjer at ein del barn ikkje får den oppfølginga dei treng. Det går særleg utover dei mest sårbare barna. Den nye rammeplanen som trer i kraft hausten 2017 blir tydelegare på forpliktingane til barnehagen.

– Vi gjer det tydelegare kva personalet skal gjere for at barna skal trivast og utvikle seg. Då blir det lettare for alle foreldre å vite kva dei kan forvente av barnehagen og kva krav dei kan stille, seier Røe Isaksen.

Det vil også bli lagt meir vekt på å førebyggje og stoppe utestenging og mobbing.

– Det skal vere nulltoleranse for mobbing. Foreldre skal kunne forvente same oppfølging uavhengig av kva barnehage barnet går i, seier kunnskapsministeren.

– Framtids-barnehagane skal vere inkluderande

Den nye rammeplanen skal byggje vidare på den norske barnehagetradisjonen der leiken har ein sentral plass, samtidig som han tek omsyn til at barnehagekvardagen og foreldra sine forventningar har endra seg. Blant anna har delen blant minoritetsspråklege barn som går i barnehage auka frå 58 prosent til 79 prosent dei siste ti åra.

– Framtids-barnehagane skal vere inkluderande arenaer. Meir systematisk arbeid med mangfald, språk og vennskap i barnehagen kan hjelpe alle barn til å delta i leiken og få gode opplevingar, seier Røe Isaksen.

Det skal også leggjast meir vekt på ein trygg og god start i barnehagen for dei yngste og ein betre overgang for dei eldste som skal starte på skulen. Regjeringa ønskjer også at barnehagane skal bli meir bevisste på å bruke måltid og matlaging til å utvikle matglede og sunne helsevanar hos barna.

(©NPK)

Til toppen