VANN: Fjelli ungdomslag kleiv til topps på pallen blant juniorane som deltok i konkurransen Kven Veit?. Foto: Privat. 
VANN: Fjelli ungdomslag kleiv til topps på pallen blant juniorane som deltok i konkurransen Kven Veit?. Foto: Privat. 

Kunnskapsrike ungdomar i Sogn og Fjordane

Noregs ungdomslag skipar kvart år til kunnskapstevlingi Kven Veit? på etterjulsvinteren.

Sogn: Etter å ha lese seg opp på årets tema, og følgt godt med på alt som rører seg i verda, får dei påmelde laga bryna seg på innvikla spørsmål over tre tevlingsdagar.

– Og tru berre ikkje at det er lette spørsmål, klarar ein alt her har ein juksa, skriv Knut P. Bøyum, nestleiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag. 

Mange påmeldte 

Det er to klassar, junior opp til 14 år og senior for alle som er over. I senior var det i år med 65 lag frå mest heile Noreg, mellom seniorane var Fjærland ungdomslag åleine om å stilla lag, dei stilte med 4 lag.

I junior var det med 14 lag, og heile 12 av dei var frå Sogn og Fjordane. Enno meir imponerande var at 9 av dei var frå Bygstad!

Mellom juniorane var det, som i fjor, Fjelli ungdomslag som kleiv til topps på pallen, med Fjærland lag B som nr 2, og Bygstad skule 6D og 7D som delte 3 plassen.

Vinnarane av senior vart Bergen ungdomslag Ervingen, fulgt av Hordalaget i Oslo og Røstkvervet Ungdomslag. Fjærland ungdomslag lag A vart best frå fylket med ein delt 9. plass.

Imponerande tevling

Sogn og Fjordane ungdomslag tykkjer det er verkeleg imponerande kor mange ungdomar her i fylket som har vore med å tevla, og ikkje minst synt at dei har framifrå ålmennkunnskapar.

Me gratulerar dei som enda på pallen, og dei andre som deltok med flott innsats. Me vonar dei melder seg på neste år også, og at enno fleire ser at dette er sosialt og moro. Både for juniorar og seniorar i alle aldrar.

Og så sler me ein gong for alle fast at dei som seier at ungdomane var så mykje betre før tek feil, skriv Ungdomslaget i ei pressemelding. 

Til toppen