Kunst frå Årdal og Lærdal gjekk vidare

Silje Larsen (16) frå Årdal og Knut Isdal Lindstrøm (14) frå Lærdal gjekk vidare til UKM festivalen frå fylkesmønstringa i Førde i helga.

Dette lovar godt for rekrutteringa til feltet for Sogn og Fjordane.

- Kunstjuryen

I morgontimane måndag gjekk juryen i UKM Sogn og Fjordane ut med resultata frå fylkesmønstringa i helga, og kunstinnslag frå Årdal og Lærdal vekte verksemd hjå dommarane. 

Silje Larsen frå Årdal med fotografiet "Empty", og lærdølen Knut Isdal Lindstrøm og skulpturen "Ugle" kom begge gjennom nålauga til juryen. 

Frå kunstjuryen gjev Dagrun Reiakvam og Maria Hjelmeland følgjande tilbakemelding på generelt grunnlag:

"Utstillinga syner ei bredde i utrykk innanfor  visuellkunsten; måleri, teikning, skulptur, foto og kunsthandtverk i form av sølvkunst og treskjering – dette lovar godt for rekrutteringa til feltet for Sogn og Fjordane. Juryen lot seg imponere av mange gode verk der diverre kun eit lite utval kunne bli med vidare til landsmønstringa. Me ynskjer å framheve at det blandt dei yngre deltakarane var mange gode arbeid – me vonar de held fram og kjem attende som deltakare på UKM og i åra som kjem."

Aktivitetsfylt helg

Det var nok av aktivitetstilbod å henge seg på for deltakarane når dei ikkje stod på scena. I Førdehuset fekk ungdommane prøve seg i ulike prosjektgrupper som blant anna låtskriving, husflid og mykje anna.

– Dette er eit fantastisk arrangement for ungdom. Å sjå alle dei talentfulle ungdommane me har, varmar hjartet mitt, seier Elizabeth Stewart Søvik som var reiseleiar for lærdølene i helga.

Stewart Søvik legg til at det er utruleg vanskeleg å kome vidare, og ho er oppteken av at dei er med på UKM for å ha det gøy, byggje nettverk og finne nye vener med felles interesser.

Høgt nivå

For dei som hadde framsyning på scena var det vanskeleg å kome gjennom nålauga. Frå Lærdal deltok Sara Sofie, Steinsprang, Amalie, Scott og Frøya, Synne Bentås og Mathilde. 

System of Six, Tea Berg og Preple Pluss Minus frå Årdal nådde heller ikkje heilt opp. 

Scenejuryen bestod av Erik Henden, Guro Haugen, Marie Mjåseth og juryleiar Ingebjørg Nomeland, og deira generelle tilbakemelding var følgjande:

"Det har vore heilt fantastisk å få oppleve all den supre ungdomen fr​å Sogn og Fjordane. Dei har imponert, rørt, engasjert og underhaldt oss i to innhaldsrike dagar."

 

Til toppen