NØGDE: Leiar i Lærdal idrettslag Guri Olsen og Finn Hauge, leiar skøytegruppa, viser fram Hjartebank-diplomet.
NØGDE: Leiar i Lærdal idrettslag Guri Olsen og Finn Hauge, leiar skøytegruppa, viser fram Hjartebank-diplomet. (Foto: Ingrid Raa Hauge)

Kunstisbane i Lærdal: – Eg blei litt paff

For to veker sidan fekk skøytegruppa i Lærdal 250 000 kroner i midlar frå Sparebanken Vest til å realisera ny kunstisbane. No håpar dei på positiv respons på frieriet til nabokommunane.

Lærdal: – Me blei veldig positivt overraska, seier leiar for skøytegruppa i Lærdal idrettslag, Finn Hauge om tildelinga på 250.000 kroner til ny kunstisbane.

Foto: Arkiv

Han og leiaren for idrettslaget i Lærdal var oppmoda til å stilla på Hjartebank-arrangementet for to veker sidan. Dei hadde søkt midlar, men dei fekk ikkje maksimalbeløpet som dei hadde håpa på.

– Me kunne søka om maksimalt 200.000 kroner. Eg blei litt paff då me fekk meir enn det. Juryen var veldig positiv til prosjektet og håper at me får til å realisera kunstisbana, seier Hauge.

Forprosjekt for kunstisbana er ferdig og det er anslått at det vil kosta mellom 33- og 36 millionar kronar å ferdigstilla den, avhengig av teknisk løsning. Lærdal idrettslag har nytta Norconsult som er Skøyteforbundet sin leverandør i slike prosjekt.

Håpar å få nabokommunane med seg

36 millionar kroner er mykje pengar og leiaren i skøytegruppa fortel at finansieringsplanen baserer seg på blant anna kommunale midlar og midlar frå næringslivet - men hovudsakleg på tippemidlar.

– Me har sendt invitasjon til nabokommunane med førespurnad om dei vil vera med på prosjektet. Me får mange gjestar frå andre stader i regionen og viss kunstisbana blir eit interkommunalt anlegg vil det bli mogleg å søka om fleire tippemidlar òg, seier Hauge.

– Kva skal dykk bruka dei 250.000 kronene dykk fekk frå Sparebanken Vest på?

– Me står fritt til å disponera dei midlane. Forprosjektet er betalt, så eg håpar desse pengane kan stå på konto til me har fått bana fullfinansiert, seier skøytegruppeleiaren. 

– Vil ha alt og seia for skøytemiljøet

Med den nye bana vil det bli mogleg å gå på skøyter frå oktober til mars i Lærdal. Då er det ikkje lenger berre opp til det varierande vinterklimaet om bana kan brukast eller ikkje.

– Kor mykje har dette å seie for skøytemiljøet i Lærdal?

– Det vil ha alt å seia. Det er begrensa kor lenge me kan halde på med slike varierende vinterforhold. Det er mykje arbeid å få is på plass og ein veit gjerne ikkje om ein får brukt isen før mildvêret kjem. Det er begrensa kor mykje me kan forventa av dei frivillige eldsjelane òg, seier Finn Hauge.

Til toppen