Sogndal: Kunslaget i Sogndal måtte for seks-sju år sidan legge ned drifta fordi dei ikkje hadde nokon plass å stille ut samlinga si. Etter mykje diskusjon valde dei å selge bileta på auksjon. Med pengane dei allereie hadde vart det ein fin slump.

Sidan har dei fundert på kva dei skal bruke den på.
– Vi tenkte at det måtte vere att noko substansielt etter kunstlaget. Det kunne liksom ikkje berre forsvinne i strøsand til kommunen, seier tidlegare leiar Torunn Aaberge.
Les også: Sjå kor flott ho vert! I dag vart siste puslebiten heisa på plass
Eit besøk hos høyangerkunstnar Geir Hjetland gjorde slutt på funderingane. Dei fire kunstelskarane fall pladask for ein seks meter høg skulptur i bestikkstål med ein raudskimrande topp forma som eit fuglehovud. Prislappen er på over 200 000, inkludert frakt og innstallering.
– Når vi såg den skulpturen så gjekk den rett i hjartet vårt. Den er rett og slett fantastisk vakker, seier Sissel Kuld.
All grublinga hadde den heldige konsekvensen at skulpturen no får ei betre plassering enn dei hadde turt håpe på, midt i parkområdet på barsnessida av nyebrua. Både brua og skulpturen vil bli opplyst om kvelden.
– Dei supplerer kvarandre, konstanterer Aaberge.
Dei kallar det ei gåve frå Sogndal kunstlag til innbyggjarane og dei som besøker kommunen. Men minst like viktig er å heidre innsatsen til alle dei som har jobba i kunstlaget gjennom mange år.
– Med parkanlegget og fjordstien som kjem så håpar vi det er veldig mange som kjem til å få glede av han, seier Kuld.
