GJEKK I LAG: Bente Øy (f.v), Elisabeth Berteig Moen, Tor Åge Øy og Margun Siv Øren (ikkje med på bilete) inviterer til kunstutstilling. Foto: Ina Eirin Eliassen
GJEKK I LAG: Bente Øy (f.v), Elisabeth Berteig Moen, Tor Åge Øy og Margun Siv Øren (ikkje med på bilete) inviterer til kunstutstilling. Foto: Ina Eirin Eliassen

Kunstoase midt i bustadfeltet

Elisabeth Berteig Moen og Tor Åge Moen, har opna heimen og kjellaren sin, slik at du kan forsvinne inn i kunstens verd og ta eit avbrekk frå kvardagens kjas og mas. 

Skiltet står utanfor i Buktvegen 2 i Øvre Årdal. Det er berre for folk å gå ned trappa ned i kjellaretasjen, som no er omgjort til eit galleri for publikum. 

Paret Elisabeth og Tor Åge Moen, som sjølv målar, har fått med seg kunstnarane Bente Øy og Margun Siv Øren på å laga til utstillinga. 

FIRE KUNSTNARAR - EITT GALLERI: I ein kjellar i Øvre Årdal, kan du smette inn for å få deg ei pause frå kvardagsmaset.
FIRE KUNSTNARAR - EITT GALLERI: I ein kjellar i Øvre Årdal, kan du smette inn for å få deg ei pause frå kvardagsmaset.

Roleg avbrekk

Porten.no får sjølv oppleva galleriet i fred og ro. 

KJENDE TOPPAR: Margun Siv Øren, har delteke på utstillingar i Årdal og utanfor bygda.
KJENDE TOPPAR: Margun Siv Øren, har delteke på utstillingar i Årdal og utanfor bygda.

Frå me trer over dørstokken, blir ein møtt av avslappande musikk, stearinlys og lyse veggar. Roa senkar seg, verda utanfor er for lengst gløymd og måleria på veggane får spela hovudrolla.

Over 70 måleri prydar veggane i kjellarleiligheita til Moen. Det er heller på ingen måte tilfeldig korleis dei har hengt opp kunsten i kjellaren. 

Innover gangen får me oppleva mektig natur, fjell og toppar med snø i akvarell av Margun Siv Øren. Ho målar både akvarell og akryl, og er kjend for å henta motiva sine frå naturen området.

Stemningsmotiv

Bente Øy, som målar akvarell med vått i vått teknikk, har også henta motiv frå natur utan at det treng vera spesielle plassar, sjølv om ho også gjer det og. 

AKVARELL: Bente Øy har lang fartstid som kunstnar og har delteke på utstillingar i Oslo, Stavern, Dubai og Oslo for å nemne noko. I 2013 vart ho teken opp som medlem av Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere.

– Det handlar om å skapa dei moglegheitene ein har. Når pigment og vatn møtest, gir det fine effektar å jobba ut i frå. Eg pirkar ikkje så mykje, men er meir oppteken av å laga stemningsbilete, seier Øy.

ABSTRAKT: Elisabeth Berteig Moen, måler akryl og akvarell. Ho har delteke på utstillingar i Årdal, Sogndal og Bergen. 
Foto: Ina Eirin Eliassen

Ho lagar i tillegg Utlatroll, som sjølvsagt også er med i utstillinga. 

Fasinert av naturkrefter

I måleria til Elisabeth Berteig Moen møter me meir abstrakte motiv. Ho fortel at ho vil folk skal tenka sjølv og tolka kva dei ser i måleria ho lagar, men at det går mykje i natur og naturkrefter. 

Eit eige rom er via til vatn og fjell, der mange av måleria er laga av Tor Åge Moen, som er den ferskaste av kunstarane. Han seier at når han først startar blir det ofte fleire bilete innanfor same tema. 

FJELL: Tor Åge Moen, måler akryl på lerett og har delteke på utstillingar i Årdal. Han oppmodar folk om å ta turen for å sjå.  
FJELL: Tor Åge Moen, måler akryl på lerett og har delteke på utstillingar i Årdal. Han oppmodar folk om å ta turen for å sjå.  

Slo til i år

Paret Elisabeth Berteig Moen og Tor Åge Moen leiger ut denne delen av huset til skuleelevar. Men då kjellaren no i sommar vart ståande tom, slo dei til. 

UTLATROLL: Bente Øy har modellert troll med instpirasjon frå Utladalen.
UTLATROLL: Bente Øy har modellert troll med instpirasjon frå Utladalen.

– Me har laga til ei utstilling som kanskje kan vera med å gi folk noko, seier Tor Åge Moen. 

Han legg til at det er viktig at folk ikkje kjenner på at dei må kjøpa noko, men at dei får seg ei hyggeleg stund. 

– Det er eit flott initiativ at dei opnar heimen sin slik. Det er berre å ta turen for å kike, seier Øy. 

Utstillinga heng til og med neste laurdag, siste dagen på Målrock. Kjem du til låst dør er det berre å ringe på hovudinngangen, fortel dei. 

Til toppen