SPØRSMÅLA KLARE: Rolf Steinar Bøe, har tenkt å gi frå seg garden på Ljøsne til neste år og var på plass for å få svar på fleire ting han lurar på når det gjeld overdraginga av gardsbruket. Foto: Ina Eirin Eliassen
SPØRSMÅLA KLARE: Rolf Steinar Bøe, har tenkt å gi frå seg garden på Ljøsne til neste år og var på plass for å få svar på fleire ting han lurar på når det gjeld overdraginga av gardsbruket. Foto: Ina Eirin Eliassen

Kursa seg i gardsbyte

Avtroppande og påtroppande generasjonar var på plass for å lære om den juridiske og den menneskelege sida ved ein eigedomsoverdraging av eit gardsbruk. 

Lærdal: Håvard Øyrehagen, leiar i prosjekt sau og utmark i Årdal, Lærdal og Aurland, seier det openlyst er behov for slike kurs. Sist runde var i Aurland i vår, og på kort varsel var det no over 20 personar i alle aldrar som hadde møtt opp til kurset på rådhuset i Lærdal måndag kveld. Øyrehagen ser ikkje bort frå at det kan vera aktuelt å køyre fleire slike kveldar. 

STOR INTERESSE: Håvard Øyrehagen, leiar i prosjekt sau og utmark i Årdal, Lærdal og Aurland, seier at etter interessa å døme kan det nok vera behov for fleire slike kurs.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Det er ein fordel at både avtroppande og påtroppande generasjonar er med. Det er viktig å vera einige om prosessane og sita på same informasjon. Det er også viktig å bruke kvalifiserte folk når ein skal overdra garden til neste generasjon, då det kan vera mange skjer i sjøen, seier Øyrehagen. 

Skal gi frå seg garden til neste år

Rolf Steinar Bøe, har tenkt å gi frå seg garden på Ljøsne til neste år. Han er på plass på kurset for å undersøkja litt om prosessen. Han har etterkomarar som vil overta, men eldstemann har ikkje heilt bestemt seg for kva han vil enno. 

– Det er greitt å vera med på ein slik kveld, for å få informasjon som ein lurer på, seier Bøe. 

– Kva lurer du på i denne prosessen?

– Eg har spurt litt om verdiar, og om ein har lov å gi bort garden gratis. Eg lurte også på avskrivingsgrunnlaget, men etter nye reglar i fjor får ein ikkje skrive opp verdiane på garden lenger, fortel han.  

Viktig å tenka på

Lasse Sælthun, var engasjert til å fortelje om den juridiske biten då han mellom anna er bonde, advokat og har vore rådmann i Lærdal. 

Han tilrår å få til ein god dialog med søsken når ein startar opp prosessen med gardsoverdraging, då det kan vera ein konfliktfull prosess. Men om det ikkje let seg gjere er det berre å køyre løpet, då det er foreldra som styrar.

Når det gjeld prisen å betale for garden er det viktig den er rimeleg slik at det er greitt å overta og drifta garden for dei som tek over. Men det er også viktig å tenkja på at kjøpesummen er fornuftig, då også foreldra skal ha noko å leva av. 

– Det er viktig å ta vare på foreldra i ein slik prosess. Dei må kanskje ha eit hus på garden, mor vil kanskje ha kjøkenhagen slik ho alltid har hatt og far moglegheiter for jakt, seier Sælthun. 

Artikkelen held fram under biletet

FELLES: Både eldre og yngre generasjonar var samla på rådhuset i Lærdal.
FELLES: Både eldre og yngre generasjonar var samla på rådhuset i Lærdal.

Han legg til at ofte har også søsken ønske om til dømes ei hytte, hyttetomt eller fiskerett. Det er då viktig å veta at bruksrett til hytte er avgrensa til 10 år, elles må ein frådela eigedomen, noko som vanlegvis aldri går når det gjeld stølshus. Når det gjeld tomt er det viktig å hugse på jordlova og at det ikkje er sikkert at du får frådelt ei tomt. 

– For å unngå krangel mellom søsken, kan det difor vera lurt at ein har sett opp alternativ til kva dei kan få, slik at ein har klart for seg kva søskena har rett på, seier han. 

– Kor lang tid tek ei gardsovertaking?

– Det er viktig at ein ikkje forhastar seg, men det kan gå lang tid av ulike årsaker. Skal ein overta frå nyttår, kan det vera lurt å starte prosessen alt før sommaren, seier Sælthun. 

Også ei menneskeleg sida

Gøril Tveiten Lie hadde fortalte om den menneskelege sida, som kan vera konfliktfull om ikkje bruksretten til garden er handsama på rett måte. I lag med mannen overtok ho ein gard i Aurland for 16 år sidan og gjekk frå å vera heilt fersk på gard, til no å vera bonde på fulltid. 

DELTE ERFARINGAR: Gøril Tveiten Lie legg vekt på at det er viktig med forståing og respekt i ein gardsoverdragingsprosess.
DELTE ERFARINGAR: Gøril Tveiten Lie legg vekt på at det er viktig med forståing og respekt i ein gardsoverdragingsprosess.

– Kva er viktig å tenkje på når ein står klar til å overta garden?

– Det handlar om tilgang. Det er viktig at den generasjonen som står klar til å ta over og forvalte ressursane, får lov til å ta over garden når dei er klare, elles kan ein lett etablere seg i andre yrker, seier Lie. 

Ho meiner det er viktig å tenkje høgt i lag med foreldre og at ein forheld seg til økonomi, elles blir ikkje sluttresultatet bra og det blir heller ikkje artig å driva på. 

– Me overtok garden i ein god standard og starta på null. Me har no god økonomi og eg trur nøkkelen har vore at me har tenkt langsiktig, spreidd investeringane og gjort mykje sjølv, då ein må tenkje inntening over tid. På den andre sida må ein tora å tenkje stort og å vera litt galen, samstundes som ein er nøktern, fortel ho. 

Til toppen