DYRARE ENN VENTA: Ifølgje anslaga til KS vil ei fjerning av den såkalla maskinskatten kosta langt meir enn den regjeringa antydar. Foto: Hydro Aluminium.
DYRARE ENN VENTA: Ifølgje anslaga til KS vil ei fjerning av den såkalla maskinskatten kosta langt meir enn den regjeringa antydar. Foto: Hydro Aluminium. (Foto: Arkiv)

Kutt i maskinskatt vil kosta kommunane dyrt

Å fjerne eigedomsskatten på maskiner i industrianlegg vil kosta kommunane meir enn regjeringa antyder, meiner kommuneorganisasjonen KS.

Årdal/Lærdal: Finansdepartementet sendte i sommar ut på høyring eit forslag om å endra reglane for eigedomsskatt på arbeidsmaskiner i verk og bruk. Å kutte denne såkalla maskinskatten blei anslått å kosta kommunane minst 1,2 milliardar kroner.

Ifølgje KS blir rekninga i realiteten langt større for dei 343 kommunane som skriver ut denne skatten i dag. Meir enn 1,7 milliardar kroner, er KS' anslag.

Les også: Skatteframlegg frå regjeringa kan kosta industrikommunar dyrt

– Eit så stort innteksttap vil medføra anten klare kutt i kommunen sine tenester til innbyggarane, auka eigedomsskatt på bustader, fritidseigedommar og næringseigedommar, eller begge deler, seier direktør for interessepolitikk i KS, Helge Eide.

Dersom regjeringa held fast ved forslaget, krev KS at det vert synleggjort korleis kommunane skal kompensera for inntekstbortfallet. (©NTB)

Til toppen