DEBATT: Kåre Rudningen (innfelt) ynskjer ein meir opplysande debatt om Borgund er rusta til å ta vare på unge asylsøkjarar. Arkivfoto: Montasje
meiningar
DEBATT: Kåre Rudningen (innfelt) ynskjer ein meir opplysande debatt om Borgund er rusta til å ta vare på unge asylsøkjarar. Arkivfoto: Montasje
meiningar

Kva er agendaen til Lærdal Arbeidarparti?

Kåre Rudningen etterlyser ein opplysande debatt om Borgund er rette plassen for eit mottak for unge asylsøkjarar.

Leiar i Lærdal Arbeidarparti, Kristen Olav Grøttebø, føler at ordføraren har ein skjult agenda med varaordføraren som medspelar. Og eit samla Arbeidarparti skal vera skeptisk til møteinnkalling, parkeringsplassar og framtida til rideklubben.

Kristen Olav; dette er formalisme! Kvifor reiser ikkje Arbeidarpartiet den viktige debatten?

Kvifor reiser ikkje Arbeidarpartiet den viktige debatten?

Det lærdøler burde diskutere er korleis me her i kommunen vår skal stille oss til største utfordringa Europa har møtt på 70 år.

Eg vil fullt ut respektere synspunktet viss du eller lokalpartiet meiner me her i Lærdal ikkje har noko å bidra med. Respektere, men vera usamd. Det andre spørsmålet me lærdøler burde diskutere er om Borgund er ein for liten plass til å ta imot  mange unge asylsøkjarar.

Har me borgyndar nok praktiske tilbod, tolmod og hjarterom? Blir oppgåva for stor for oss? Risikerer me å bli taparar, både borgyndar og asylsøkjarar? Her er eg usikker, og etterlyser den opplysande debatten.  Eit spesielt ansvar for å stille dei gode, og vanskelege, spørsmåla kviler på største opposisjonspartiet. 

Til toppen