Sogn og Fjordane og landet vårt treng alle dei entusiastiske og stolte bøndene vi har. Det er dei som kvar dag produserer verdas tryggaste mat, som vi alle er avhengige av, skriv fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Arkiv. 
meiningar
Sogn og Fjordane og landet vårt treng alle dei entusiastiske og stolte bøndene vi har. Det er dei som kvar dag produserer verdas tryggaste mat, som vi alle er avhengige av, skriv fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Arkiv. 
meiningar

Kva er konsekvensane for Sogn og Fjordane?

Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane om Jordbruksoppgjeret 2016.

Kronikk: I Sogn og Fjordane står landbruket for ei total verdiskaping på 1,7 mrd. kr. Mange personar har sitt levebrød innanfor kjerneområdet landbruk og næringsmiddelindustrien, skriv Følling. 

Gardsbruka i fylket er ein stor bidragsytar til nasjonal matproduksjon, og utfallet av jordbruksoppgjeret er avgjerande for fylket vårt både i høve arbeidsplassar og næringsutvikling. 

Les også: Framleis stor avstand i jordbruksoppgjeret

Tilbod: 90 millionar kroner

Måndag 25. april leverte bondeorganisasjonane sitt krav til jordbruksavtale for 2017 til staten. Kravet hadde ei totalramme på 860 mill. kr., der 577 mill. kr skal finansierast over budsjettoverføringar og 193 mill. kr gjennom auka målpris. 

Tilbodet frå landbruksminister Jon Georg Dale hadde ei totalramme på 90 mill. kr. Avstanden mellom partane er på heile 770 mill. kr. Utgangspunktet for forhandlingane er difor svært krevjande.

Avstanden mellom organisasjonane og staten er stor i kroner, men kanskje større enn nokon gong i høve målsetjing. For der bøndene ynskjer å prioritere dei små og mellomstore bruka, svarer staten sitt forhandlingsutval med ei ytterlegare satsing på dei store.

Mange vil difor med rette hevde at dette tilbodet ikkje rettar seg etter Stortinget sine føringar for eit landbruk med små og store bruk i heile landet.

Små og mellomstore

I Sogn og Fjordane er mesteparten av gardane definert som så kalla små og mellomstore bruk.

Samtidig er det bygd ut fleire store samdrifter som utnyttar potensialet på sine bruk. Med dette i mente må jordbruksavtalen reflektere ein bruksstruktur og arealtilgang som gjer at dei som kan drive stort får moglegheit til det, utan at dette går utover dei små og mellomstore slik vi er vitne til i staten sitt tilbod. Differensiering i verkemidla er eit nøkkelord.

Les også: Dårleg nytt for jordbruket på Vestlandet

Dersom det ikkje vert lagt til grunn ei inntektsauke for dei små og mellomstore bruka, så vil mellom anna mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane gå ned. Mjølkebruka vil ikkje ha økonomi til naudsynt fornying av driftsbygningane og areala gror etterkvart att fordi grensa no er nådd når det gjeld areal som attverande bønder av ulike grunnar tek over.

Landbruksfylke

Sogn og Fjordane er eit stort landbruksfylke. I 2014 var fylket sin del av den nasjonale matproduksjonen til dømes 68,1 prosent for bringebær, 26,2 prosent for morellar, 15,6 prosent for plommer og 14,7 prosent for geitemjølk.

Når det gjeld mjølk er dette den viktigaste bidragsytaren reint økonomisk. Produksjonen ligg på mellom 100 og 107 millionar liter mjølk per år, mjølk som i fleire og fleire tilfelle vert definert som elitemjølk. Kjøtproduksjonen ligg på om lag 8400 tonn per år. (Kjelde: Landbruksdirektoratet). 

Les også: Staten tilbyr bøndene 770 millioner mindre enn kravet

Sogn og Fjordane, med vår utfordrande topografi og hardføre klima, er med bakgrunn i desse tala særs viktig for nasjonal matproduksjon, sjølvforsyningsgrad og beredskap. Det står også heilt sentralt i desse tider der vi opplever uro i verda og ikkje minst ein global matmangel. Ein politikk som medfører at vi ikkje utnyttar ressursane våre optimalt er difor svært uklok.

Utkonkurrert 

Med ei einsidig satsing på store bruk og auka produksjonsvolum ser vi til dømes at våre beste kornareal på Austlandet, Jæren og Trøndelag i større grad vert lagt om til mjølkeproduksjon, fordi endra innretning i jordbruksavtalen gjer dette meir lønsamt.

Ei slik produksjonsvriding vil på sikt føre til redusert sjølvforsyningsgrad. Dei små og mellomstore bruka, som vi har mange av i vårt fylke, vert konkurrert ut av flatbygdene. Ikkje på grunn av manglande kvalitet i produksjonen men på grunn av at regjeringa dei siste åra har nytta småbruka som salderingspost. 

I Sogn og Fjordane er næringsmiddelindustrien den største industrien i fylket og sysselset 4840 personar. Det utgjer 39,1 prosent av dei industritilsette. I 2013 var det registrert 3098 landbruksbedrifter i fylket. Desse stod oppført med ei verdiskaping på 1,2 mrd. kr. Legg ein til næringsmiddelindustrien kjem ein som nemnd innleiingsvis opp i ei total verdiskaping på 1,7 mrd. kr.  

Nedprioritere deltidsbonden

Slik tilbodet til staten ligg no, der dei små og mellomstore bruka taper, samtidig som investeringsmidlane i høve ombygging til lausdriftsfjøsar alt er brukt opp for 2016, så heng det mørke skyer over dei bruka som per i dag har mellom 10 og 20 mjølkekyr.

Forsvinn desse bruka forsvinn også mange liter mjølk i produsert volum, og også store indirekte verdiar då bruken av landbruksrelaterte bedrifter går ned. At ein i tillegg vel å nedprioritere deltidsbonden som driv saue- eller geitehald ut i frå dei ressursane som er på garden er også vanskeleg å forstå, all den tid dette er viktige bidrag inn i den nasjonale matproduksjonen.   

Regjeringa ynskjer å kople fri landbrukspolitikken frå distriktspolitikken, men det er ei kjensgjerning at norsk landbruk alltid vil vere noko meir enn «berre» matproduksjon. Landbruket er arbeidsplassar, utmarkspleie, turisme, verdiskaping, lys i husa, kulturlandskap, opplevingar, «Inn på tunet» og mykje meir.

Som fylkesordførar i eit fylke der landbruksnæringa og næringsmiddelindustrien er så viktig, vil eg følgje jordbruksoppgjeret med argusauge. Eg forventar at forhandlingsutvalet allereie i dei innleiande forhandlingane strekkjer seg langt for å komme bondeorganisasjonen i møte. 

Viktig for folk flest

Dette er også folkeviljen, for ei undersøking gjennomført av MMI på tinging frå Noregs Bondelag viser at 92 prosent av dei spurde ynskjer eit landbruk av same omfang som i dag. Trygg mat og sjølvforsyning er viktig for folk flest. Dette er signal som regjeringa og deira støttespelarar må ta på alvor.

Skal vi ha ei landbruksnæring i heile landet som bidreg til både matproduksjon, sysselsetjing og verdiskaping, så må bøndene ha ei skikkeleg inntekt å leve av og økonomi til å fornye driftsapparatet. Ein kan ikkje samanlikne inntektsveksten med andre grupper når utgangspunktet er at landbruksnæringa har ei inntektsramme som ligg under ei gjennomsnittleg industriløn. Då må gapet tettast krone for krone. Allereie i dag driv mange nærmast av rein og skjær ideologi, men alle forstår at dette ikkje går i lengda.  

Kanskje er det brot eller einigheit i jordbruksoppgjeret før de les dette, men uansett utfall; 

Sogn og Fjordane og landet vårt treng alle dei entusiastiske og stolte bøndene vi har. Det er dei som kvar dag produserer verdas tryggaste mat, som vi alle er avhengige av.

Til toppen