Foto: Kartverket.
meiningar
Foto: Kartverket.
meiningar

Kva er meininga mi verdt?

LEIAR: Akkurat det er det nok mange som sit rundt om i det ganske land og tenkjer etter at reformplanane for kommunane vart lagt fram denne veka. 

  • Endret

Ikkje uventa gjekk stortingsfleirtalet inn for tilrådinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og slår saman Sogndal, Leikanger og Balestrand – mot dei to sistnemnde si vilje.

I samband med at tilrådinga vart lagt fram like etter nyttår sa Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd til NRK at «no er det andre som avgjer» og «me seier tydeleg nei og forventar at folkevilja vert høyrt». Det motsette skjedde.

Kommunane har gjort akkurat som dei er bedne om – iallfall der det har vore eit poeng – og har invitert til opne møte der innbyggjarane kunne stilla spørsmål og viktigast av alt hatt folkerøysting. 

I Sogndal har dei heile vegen vore positive. Leikanger har sagt tydeleg nei, medan i Balestrand sa eit knapt fleirtal av folket ja, og eit knapt fleirtal av politikarane nei – du kan best lesa det som eit tja. 

Argumenta for at nettopp desse kommunane bør slåast saman er at Balestrand og Leikanger har og vil få utfordringar med økonomien og vidare tenestene dei skal gi til innbyggjarane. Dessutan treng ein eit større tyngdepunkt i Sogn. Alt stemmer nok. Me er i grunnen ikkje så vanskelege når det gjeld intensjonane – for dei er gode.

Men det kan lett tolkast som at regjeringa med si støtte har prøvd å tvinga fram samanslåingar gjennom ulike «grep», som nytt inntektsystem og skilje i kraftverk for å nemna noko. For ikkje å snakka om alle belønningane som er blitt lova for dei som set seg på bakbeina og rullar rundt. 

Trass i at dei ikkje har lykkast med dette, kjem halsbandet på likevel. For kommunane vert det nesten som å få straffe imot og raudt kort på keeperen i ein og same situasjon. 

Dersom det er så viktig med eit tyngdepunkt i Sogn, bør vel ein strengt tatt gå for ein skikkeleg storkommune som inkluderer Luster og kommunane på sørsida av fjorden. Det forsøkte ein på lokalt, og kvifor det stranda har det vore mange forklaringar på.

Og det er vel her mange også reagerer. For kvifor slepp nokre kommunar unna og andre ikkje? Det same gjeld for regionreforma. Kvifor brukar ein tvang på Austlandet, men ikkje på Vestlandet for å få med Rogaland og Møre og Romsdal?

Då Knut Henning Grepstad var invitert til å snakke om reforma på eit ope møte i Årdal snart to år sidan, la han vekt på at det måtte vera respekt, truverd, dialog og fristar i prosessen. Ein kan jo lure på kor det har blitt av desse den siste tida – og ikkje minst informasjonen, som ordførarane har fått via partifeller og media. Til og med etter pressekonferansen onsdag vart ein sitjande att med eit lite spørsmål om dette faktisk galdt kommunane i Sogn sidan ingen vart nemnt spesifikt.

Elles er det verdt å merke seg at det faktisk er nesten to år sidan Grepstad var her. Det var rundt 40 på møtet, dei fleste var politikarar. Engasjementet rundt reforma har ikkje vore allverda har me bete oss merke i på tala våre – før no då, når ein plutseleg ser konsekvensane. (Det har me sett på politireforma også). 

Det er ikkje vanskeleg å skjønna kvifor ein ønskjer større kommunar, men måten ein no går fram på, der folk ikkje kjenner seg høyrt, gjer at ein kan lure på kva som var poenget med folkerøystingar og opne møte. 

Og så er det ikkje sikkert at dette er nokon krise. Det kan like godt henda at ein får alle dei positive effektane som venta, men det er ikkje poenget her, noko som kan koma til syne når desse kommunane eventuelt skal forhandle om tenester.

Me skriv eventuelt, for det er ikkje slik at dette er hogd i stein. Det er valår, så kommunane kan fint avventa resultatet av valet. 

Til toppen