CRUISEKAI: Her ligg eit cruiseskip til hamn på Skjolden Cruisekai.
CRUISEKAI: Her ligg eit cruiseskip til hamn på Skjolden Cruisekai. (Foto: Linda Watten)

MEININGAR

Kva gjer fylkeskommunane for å utvikle berekraftig cruiseturisme?

Cruisetrafikken har auka kraftig dei siste åra. I 2000 var omlag 200.000 cruiseturistar innom norske hamner. I fjor var dette talet oppe i 789.000, altså nesten ei firedobling på under tjue år. Og fleire skal det bli.

Vestlandet: Det skriv ansvarlege for fagområdet reiseliv på Vestlandet, Lillian Sæther, Møre og Romsdal fylkeskommune, Marta Rongved Dixon, Hordaland fylkeskommune, Randi Klæbo, Rogaland fylkeskommune, og Anne Silje Sylvarnes, Sogn og Fjordane fylkeskommune i denne kronikken. 

Transportøkonomisk institutt anslår ein årleg vekst på 2,5 prosent i periode 2018 – 2028, og 1,5 prosent årleg vekst i perioden 2028 – 2060. Dette vil bety 1,6 millionar cruiseturistar og 2.600 anløp i norske cruisehamner i 2060.

Om lag 70 prosent av all cruisetrafikk i Noreg skjer i dei fire Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Verda vil besøke dei vakre fjordane våre og oppleve det Vestlandet har å by på. Mens nokon jublar for denne utviklinga og verdiskapinga, er andre kritiske og peikar på forureining og fordelinga av godane. Då cruiseskipet Viking Sky fekk trøbbel utanfor Hustadvika tidlegare i vår, fekk vi også ei kraftig påminning om kor viktig sikkerheita er.

Berekraftig cruiseturisme 

Kva gjer så fylkeskommunane for å legge til rette for berekraftig cruiseturisme i framtida?

Fjordfylka står saman og er einige om ein felles visjon: Vestlandet skal vere det mest berekraftige reisemålet i Europa, basert på lønnsame og tilgjengelege naturopplevingar. Berekraft og lønnsamheit gjeld også cruiseturismen. Sagt med andre ord: utsleppa skal ned, og den landbaserte verdiskapinga må auke. Samtidig skal dei reisande ha gode opplevingar, og lokalbefolkninga skal ha det bra.

Fjordane og reisemåla på Vestlandet er unike. Sidan 2016 har fylkeskommunane og Vestlandsrådet jobba med å få på plass ein felles cruisestrategi, følgt opp av ein felles handlingsplan med seksten tiltak, som no skal rullast ut. Det har vore ein krevjande prosess, fordi det er så stor variasjon i størrelse på reisemåla og i kor mange cruisepassasjerar og cruiseanløp dei ulike reisemåla kan ta imot. Dette heng også saman med det landbaserte reiselivet.

Tiltak

Fylkeskommunane har gått i dialog med både cruisenæringa og reiselivsnæringa og saman blitt einige om kva tiltak blant desse seksten vi bør prioritere:

Kor mange cruiseanløp og kor mykje anna turisttrafikk kan og bør ein destinasjon ta imot, for å oppretthalde ei berekraftig utvikling? For å finne ut kor tålegrensa for det enkelte reisemålet ligg, treng vi verktøy.

Fylkeskommunane vil derfor prioritere å utarbeide ei verktøykasse som reisemåla og cruisedestinasjonane kan bruke når dei skal planlegge for framtida. Vi vil invitere sentrale partar i utviklinga av verktøyet, og på den måten kan dette tiltaket også få nasjonal effekt.

Utsleppfrie verdsarvfjordar innan 2026

Stortinget har vedtatt at verdsarvfjordane skal vere utsleppfrie innan 2026. Vi meiner at nullutsleppvedtaket skal gjelde alle fjordar. Mange lurer på kva dette betyr for cruisenæringa og den delen av næringa som har cruise som ein viktig marknad. Korleis vil dette påverke Vestlandet? Og korleis vil reiarane tilpasse seg? Vi vil gå i dialog med Sjøfartsdirektoratet slik at vi får belyst dei mest aktuelle problemstillingane.

Det er ulike syn på kva type framtidig energibruk vi bør legge til rette for. Mange meiner landstraum er det mest aktuelle alternativet, men både LNG (naturgass) og hydrogen blir trekt fram som løysing for morgondagen. Vestlandsregionen vil utgreie dette spørsmålet før vi går til store investeringar som det kanskje ikkje vil vere marknad for i framtida. Samtidig vil vi løfte spørsmålet opp på nasjonalt nivå, sidan dette er noko som angår alle cruisehamner i Noreg.

Det er behov for å samle alle som er påverka av cruisetrafikken til å drøfte felles problemstillingar og dele ny kunnskap. Både nullutsleppkrav, framtidig energiløysingar, ny hamne- og farvasslov er aktuelle tema. Konferansen skal vere i Bergen hausten 2019, og programmet er under utarbeiding.

Dei siste åra har det kome fram mykje ny forsking og kunnskap om cruise og cruiseturisme. Blant anna har Vestlandsforskning, NHH og TØI, på oppdrag av Regionalt forskningsfond Vestlandet, nyleg lagt fram forskingsrapporten «Sustainable cruises: Understanding and optimizing people, planet and profit». Vi vil no kartlegge kva forskingsrapportar og andre rapportar som finst knytt til cruise i Noreg. Hensikta er å finne ut kva spørsmål som er godt nok belyst, og kvar det er behov for meir kunnskap.

Handlingsplan 

Eitt av tiltaka i handlingsplanen går på risiko, og som nemnt, fekk temaet ny aktualitet no etter ulykka med Viking Sky. Vestlandsrådet kjem til å be politidistrikta i kvart fylke om ei orientering om korleis risikoen knytt til cruisebesøk er innarbeidd i beredskapsplanar. Fylkeskommunane har ansvaret for å få problemstillinga belyst, og temaet er foreslått inn på den nasjonale cruisekonferansen.

Handlingsplanen for Vestlandsfylka, som du kan lese på nettsidene til fylkeskommunane, konsentrerer seg om cruisebesøk til regionen og potensialet for næringsutvikling. Planen omfattar ikkje tiltak til produksjon av reiselivstenester eller marknadsføring og profilering. Fylkeskommunane  kan ikkje, og skal heller ikkje, utføre alle tiltaka sjølve, men vi kan ta initiativ og stimulere til tiltak gjennom tilskotsordningar.

Vi konsentrerer oss om dei tiltaka som skal gi best mogleg effekt av cruisebesøka og som kan påverke utviklinga i ei berekraftig retning.

Til toppen