KJEMPAR FOR KVINNERS RETTIGHEITER: Marianne Sæhle, 4.kandidat og Marthe Hammer, 1.kandidat for Vestland SV.
KJEMPAR FOR KVINNERS RETTIGHEITER: Marianne Sæhle, 4.kandidat og Marthe Hammer, 1.kandidat for Vestland SV. (Foto: Nikita Solenov / Vestland SV)

MEININGAR

– Kva haldningar lokalpolitikarar har til abort, er viktig

– I USA innfører dei i praksis abortforbod. Men også her heime vert kvinner sette under press, skriv Marthe Hammer, 1.kandidat, Mariane Sæhle, 3.kandidat og Gina Barstad, politisk nestleiar i Vestland SV.

Betyr det noko kva lokale folkevalde meiner om abortlova?

Kvinners rett til å råda over eigen kropp er under åtak verda over. Årleg døyr 47.000 kvinner etter usikre abortar (kjelde: Amnesty).

I El Salvador vart Teodora Vasquez nyleg sett fri etter å ha site i fengsel, dømd for å ha drepe sitt ufødde barn. I USA innfører fleire statar i praksis eit abortforbod.

Også her heime vert kvinner sette under press. Fyrst gjennom reservasjonsrett-saka då legar skulle få lov til å nekta kvinner informasjon om abort, og sidan då retten til sjølvbestemt abort vart innskrenka for kvinner med fleire foster.

Me finn sjeldan desse spørsmåla omtala i lokale valprogram. Likevel er det ikkje uviktig kva slags holdning våre lokale leiarar har til kvinners rettar.

For fire år sidan såg me at reservasjonsrett-saka vart ei lokal sak, særleg i mindre kommunar med få fastlegar.

Der fastlegane reserverte seg, vart det eit problem for kvinner å få tilgjenge til helsetenester som er lovlege i Noreg.

Me finn sjeldan spørsmåla om abort omtala i lokale valprogram.

Vestland SV

Røyst difor på eit parti som heilhjarta vil forsvara kvinners frie val den 9. september!

Til toppen