Arbeidsplassar, Hydro sin eigedom, billigbutikk, styrke/svekke handelen, politiske avtalar. Det er mykje å halde styr på i denne saka.
Arbeidsplassar, Hydro sin eigedom, billigbutikk, styrke/svekke handelen, politiske avtalar. Det er mykje å halde styr på i denne saka.

MEININGAR

Kva handlar dette eigentleg om?

Endeleg skal ein få ein slutt på den farsen Hydropark-saka har blitt. Torsdag skal politikarane bestemme seg, og då må utgangspunktet for avgjerda vere riktig.

LEIAR: Det er vel ingen som er overraska over at folk kranglar og diskuterer om kva funksjon Hydroparken skal ha. 

Men kva er det ein eigentleg diskuterer? Kva er det politikarane skal debattere og bestemme torsdag?

Det er ikkje ja eller nei til Europris. Det som dette er snakk om, er ei omregulering av eit område. Altså, ja eller nei til ein funksjon eit område skal ha.

Jo då, konsekvensen av å seie ja er næringsbygg og Europris, men prinsippet er ikkje dette. Og det skal folk og politikarar ha i tankane. 

Sandra Opheim (MDG) sa det ganske riktig at denne debatten må ikkje reduserast til ein akebakke. Slik Bjørn Havro (Sp) med god grunn ønskte at ein diskuterte reguleringa meir enn etableringa. 

«Seier ein nei til ei etablering, er det ganske alvorleg», sa han. 

Heilt riktig. Denne saka har spunne avgarde i alle retningar. Det er så mange moment ved saka at ein lett kan miste fokus på kva ein eigentleg diskuterer her. 

Arbeidsplassar, Hydro sin eigedom, billigbutikk, styrke/svekke handelen, politiske avtalar. 

Alt er viktig, men til sjuande og sist handlar dette om utvikling – det store biletet. 

Det er difor saka har fått namnet «Detaljreguleringsplan for…» og ikkje «Etablering av Europris i Hydroparken».

Først får ein vel nesten vie litt tid til den politiske avtalen mellom Ap og MDG som no er død. For uansett korleis det går torsdag, har Ap kome ekstremt dårleg ut av saka på grunn av dette. Så mykje meir er det vel ikkje å seie om det punktet anna enn at handteringa står til terningkast éin. Det er ikkje særleg vanskeleg å bli sympatisk overfor Opheim i den saka. 

Det står respekt av dei som av ideelle grunnar er mot. Men det kjem ei kjensle snikande av at mange av dei som er mot utbygging, er mot fordi det kjem Europris. Hadde desse stått like hardt på sitt dersom Hydro ville setja opp ny Å4? Eller kva om det kom ein populær klesbutikk?

Seier ein nei til dette, så seier jo ein i prinsippet nei til all form for etablering i ein park som ein gong i tida var tenkt å fungere som tilkomst til Sognefjellstunnelane. 

I eksisterande plan heiter det at parken skal vere eit grøntbelte mellom industri og tettstad, at det skal vera eit anlegg for ålmenta og eit inngangsparti til Årdal Metallverk, for å ha nemnt det. Planar som Hydro ikkje har tenkt å realisere, iallfall ikkje med det første, noko begge verkssjefane i perioden denne saka har versert har bekrefta.

Her kunne kanskje diskusjonen ha stoppa? Eigaren vil ikkje bruke pengar. Heller ikkje kommunen. Kven då?

Skal kommunen ha ei slik rolle at politikarane indirekte og direkte bestemmer kven som skal få etablere seg? Svaret gir seg vel sjølv. Då er det mange som vil møte seg sjølv i døra i framtida. 

Politikarar skal bestemme korleis utviklinga skal vere i ein kommune, korleis sentrum skal sjå ut og så vidare. Alle er samde om at det finst betre stader Handelsbygg kan etablere seg i denne kommunen.

Alle er vel også samde om at denne kommunen treng arbeidsplassar og folketalsvekst. Begge delar handlar om utvikling. Begge delar handlar om politikk.

Kva er det mest behov for?

Det kan ikkje vera slik at ein seier nei til omregulering på grunn av akkurat denne etableringa og deretter seier ja til noko anna.

I så fall må dei grunnane vere nokon andre enn at «ein har ikkje behov for billige tannkostar», eller ikkje vil ha ein spesifikk butikk til bygda.

Og difor spørsmålet: Kva handlar dette eigentleg om? 

Til toppen