Kva hugsar du frå året som var?

Test deg sjølv i ein quiz om kva som skjedde i 2015.

2015 går mot slutten og eit nytt år tar til. Kva hugsar du best frå året som var, og klarar du å svare på desse ti spørsmåla om 2015?

Test deg sjølv i ei ledig stund i romjula. Svara finn du nedst i artikkelen.

1. Handballaget til Jotun rykte ned førre sesong etter mykje støy utanfor bana. Eit av tinga som skapte mykje hovudbry var då ein motstandar ikkje møtte til kamp i januar på grunn av storm. Kven var motstandaren?

2. Nokre elevar ved Årdal vidaregåande skule sørga for store overskrifter då dei presenterte eit produkt verda aldri hadde sett makan til. Kva heitte produktet som mellom anna gav sølv i NM?

3. I Lærdal fekk ein preikestol mykje merksemd. I kva kyrkje var det denne preikestolen vart fjerna?

4. Sosiale medium er så absolutt i vinden med Facebook, Instagram og Twitter. I fjor kom det ein heilt ny app inn på denne marknaden med ein årdøl som ein av skaparane. Kva heitte appen?

5. Årdal Fotballklubb fekk ein tøff start på fjorårssesongen og måtte vente lenge til første siger kunne innkasseres. Kven kom denne første sigeren mot?

6. Lærdal Musikklag feira jubileum i år. Kor mange år er Musikklaget?

7. Valet i Årdal fekk stor merksemd i landsdekkande aviser då Årdal Arbeidarparti gjekk kraftig tilbake. Kor mange prosent gjekk Arbeidarpartiet tilbake med?

8. I november skreiv Porten.no om eit jentelag i Lærdal som hadde gjort det meget godt. Kva slags prestasjon stod desse jentene for?

9. 2015 har vore eit godt år for Hege Bakken Wahlquist. Kantspelaren gjer det veldig godt i Glassverket og krona året med NM-sølv. I semifinalen var årdølen sentral, men kven var det Glassverket slo i denne kampen?

10. I desember fortalte Oddgeir Øren om ei fantastisk korpsnyheit. Ein kjend trompetist skal kome til Årdal for å undervise. Kva heiter denne trompetisten?

1. Kjøkkelvik

2. Safe Sound

3. Tønjum kyrkje

4. DeeMe

5. Bergsøy

6. 90 år

7. 29,6 prosent

8. Dei vann alle kampane sine med 20 sigrar på 20 kampar

9. Molde

10. Ben Hirons

Til toppen