HEFTIG DANS: I over ti minutt sirkla dei to pinnsvina rundt kvarandre, utan å ensa fotografen.
Video

Kva i all verda driv piggsvina med her?

Me treng hjelp til å forstå den mystiske framferda. Har du peiling?

Kaupanger: Det er få spørsmål du ikkje kan finna svar på på internett. Men framferda til piggsvina du ser på videoen over verkar å vera eit slikt. Kva i all verda driv dei med?

Duoen vart filma medan dei styrte på i ein grøftekant på Kaupanger i helga. Dei var godt skjulte frå vegen, men lyden gjorde dei lette å oppdaga. Spesielt den minste av dei to sniffa og snøfta noko ofsleg.

Sjølv om kameralinsa på det næraste var berre centimeter unna pardansen, verka det ikkje som om piggsvina ensa det ein gong. I over ti minutt dreiv dei på, før tolmodet til fotografen tok slutt.

Ikkje eingong piggsvin-ordboka til Dyrebeskyttelsen verkar til særleg nytte her. Difor lurer me på om det finst nokre Erinaceus europaeus-ekspertar der ute som kan hjelpa oss. Det er òg lov å synsa, om det er alt du kan bidra med.

Forslag sender de til tips@porten.no. Me ventar spente.

Til toppen