SELJE ELLER IKKJE: Svaret var nok ikkje like enkelt for dei folkevalde i Lærdal kommunestyre, som nytta pausa for å koma til semje. Foto: Ina Eirin Eliassen
SELJE ELLER IKKJE: Svaret var nok ikkje like enkelt for dei folkevalde i Lærdal kommunestyre, som nytta pausa for å koma til semje. Foto: Ina Eirin Eliassen

Kva kan og bør seljast av kommunale eigedomar?

Ei prosjektgruppe har no utarbeida ein rapport over kva som bør leggast ut for sal. Bakgrunnen er at Lærdal kommune eig mykje bygningsmasse som ikkje blir brukt, noko som gir høge drifts- og vedlikehaldsutgifter. 

Saka var oppe til handsaming i Lærdal kommunestyre sist torsdag. Tilrådinga frå rådmann var at opplista bygningsmasse og eigedomar i rapporten frå prosjektgruppa blir seld eller avhenda, med tillegg frå ordførar Jan Geir Solheim (Sp) om at prosjektgruppa held fram arbeidet og at aktuelle vedtak knytt til Losjehustomta blir lagt fram i kommunestyret, noko som vart samrøystes vedteke då formannskapet handsama saka 9. juni.

Du finn oversikt over bygningane og eigedomane det gjeld her

VIKTIGE BYGG: – Riksantivaren og Noreg generelt har fatta ny interesse for gamle Lærdalsøyri. Me kan ikkje berre selje eitt av dei mest markante kulturhistoriske bygga våre som Fanteloftet, seier Anna Avdem (SV).
VIKTIGE BYGG: – Riksantivaren og Noreg generelt har fatta ny interesse for gamle Lærdalsøyri. Me kan ikkje berre selje eitt av dei mest markante kulturhistoriske bygga våre som Fanteloftet, seier Anna Avdem (SV).

– Saka er ikkje opplyst

Anna Avdem (SV) tykkjer prosjektgruppa har gjort ein god jobb med rapporten, men ho etterlyser eitt ledd med sakshandsaming, som mellom anna tek opp konsekvensane ved sal, mellom sluttrapporten og tilrådinga til rådmann om at desse bygga skal seljast. 

Ho trekk særleg fram Rikheim skule, Frønningen skule, Strendene skule, Murnaustet og Fanteloftet som pussige å ville selje. Avdem meiner ein må få fram all kunnskapen og kulturhistoria om desse eigedomane, om ikkje fleire, før ein vurderer sal. Ho tykkjer ein går for raskt fram i denne saka.

– Det heng ikkje på greip. Dette handlar ikkje berre om kroner og øre. Saka er ikkje opplyst, og me kan ikkje gjera vedtak om å selje i dag, seier Avdem. 

– Må sjå ting i samanheng

Avdem meiner sal av både kommunale tomter og bustadshus ikkje heng i hop med debatten om busetting av flyktningar og behovet for bustader i Lærdal. I arbeidet med kommuneplanen, må ein også sjå alt i samanheng. Ho kom med framlegg om dei fem eigedomane, som nemnt tidlegare, må få vidare sakshandsaming og ut på høyring før ein tek beslutninga om å selje i kommunestyret.

Jarle Offerdal (Ap) peikar også på at det er mange prosessar i kommunen, som tettstadutvikling, attereising, omstilling og samfunnsdelen i kommuneplanen. Han tykkjer det er eit dårleg tidspunkt å selje på, før ein veit om ein har bruk for desse tomtene i prosjekta for å utvikla kommunen. Han seier han håpar saka blir utsett. 

MÅ IKKJE VERA KOMMUNALT: Trond Øyen Einemo (H) meiner selskap eller private kan vera ein vel så god eigar for å ta vare på kulturhistoria til bygningane, som kommunen.
MÅ IKKJE VERA KOMMUNALT: Trond Øyen Einemo (H) meiner selskap eller private kan vera ein vel så god eigar for å ta vare på kulturhistoria til bygningane, som kommunen.

Stein Vidar Nemeth (Sp) tykkjer også Avdem burde ta med samfunnshuset på Borgund, som er eit viktig forsamlingslokale. Han presiserer at før ein sel skal opp det opp til godkjenning i kommunestyret, der det ikkje blir vedteke om summane som blir tilbydd ikkje er høge nok. 

Hadde ikkje venta stillheit rundt saka

Trond Øyen Einemo (H) og Geir Berge Øverland (Ap), som sit i prosjektgruppa, seier dei ikkje hadde venta at denne saka kom til å gli gjennom kommunestyret i stillheit. Dei seier også at dei fleste problemstillingane som har kome opp i kommunestyret, alt har vore drøfta i arbeidsgruppa.  

– Det er ei tilråding, korleis prosessen skal foregå har me ikkje sagt så mykje om,  men eg ser det er bølger i sjøen, seier Einemo. 

Han meiner selskap eller private kan vera ein vel så god eigar for å ta vare på kulturhistoria til bygningane, som kommunen, då Lærdal ikkje har nokon strategi for renovering av bygga. Einemo seier at nokre av bygga som Avdem nemner, finst det interessentar til. Kanskje nokre bygningar blir flytt, men det avgjerande er at kommunestyret sikrar at dei kjem i rette hender. 

– Bustadane er problematiske

– VIKTIG Å TA DISKUSJONEN: Geir Berge Øverland (Ap) forklarar at grunnen til at rapporten også skisserar opp eigedomar som bør bli seld seinare, er fordi dei krev ein meir grundig vurdering og utgreiing.
– VIKTIG Å TA DISKUSJONEN: Geir Berge Øverland (Ap) forklarar at grunnen til at rapporten også skisserar opp eigedomar som bør bli seld seinare, er fordi dei krev ein meir grundig vurdering og utgreiing.

Øverland seier til dømes Rikheim skule bør bevares som museum, noko som kan leggast inn i statuttane. Når det gjeld Frønningen skule, er det ikkje berre å selje, då det er reglar som seier at berre grunneigar kan overta. Dei andre skulebygningane, ser han ikkje noko problem å selje. Han ser argumentet til Nemeth, om at Borgund Samfunnshus er ein viktig møteplass, som ein kanskje bør vurdere å selje til eit lag. 

Øverland meiner det er problematisk med bustadene som er vurdert til sals. Dei var tenkt som gjennomgangsbustader, sjølv om dei ikkje vart nytta som det. I tillegg er det enorme etterslep på vedlikehald. Ein kan heller ikkje kaste ut dei som bur der, for å vedlikehalde slik at andre kan flytte inn. Noko som i tillegg kan bety enorme kostandar for kommunen. 

– Det er mogleg å selje desse bustadane. Det finst ordningar som gjer at ein kan tilby dei som bur der å kjøpe bustadane for omkring same husleige som dei har i dag. Ved å selje desse vil kommunen få økonomisk handlingsrom til å investere i gjennomgangsbustader, som er meir praktisk å bruke enn einebustader, seier Øverland. 

Vart einige i pausa

Etter innspel og diskusjon om kva hus og eidedomar som må vera med og ikkje, seier Øverland at han finn det som ein håplaus måte å drive sakshandsaming på. 

– Alle husa må vedlikehaldast for millionar, det er der øknomien ligg, seier han. 

– Debatten syner at det er nok å ta tak i. Me må prioritere og legge ut for sal dei som er minst problematisk. Så må det blir gjort sakshandsaming og me må ha saka på høyring slik at folk får seie kva dei synest, før dei til dømes mistar forsamlingshuset sitt, seier Avdem. 

Etter ei pause der politikarane samla seg bak i hjørnet av salen, kom dei til eit vedtak. Einemo seier han ikkje har problem med å sende saka på høyring, men vil då ha med Losjehustomta. 

– Då er eg nøgt. Å sende heile saka på høyring er mykje betre. Eg drog fram dei mest kritiske husa, men då trekk eg framlegget med glede, seier Avdem. 

Dermed kom Avdem med eitt nytt framlegg på vegne av fleire, som ho sa, som førte til eit samrøystes vedtak. Dermed blir sluttrapporten til prosjektgruppa i tillegg til Losjetomta blir lagt ut på høyring. I tillegg skal dei økonomiske konsekvensane bli belyst i sakshandsaminga. Dei eigedomane som er uproblematiske i høyringsprosessen, har kommuneleiinga fullmakt til å lyse ut for sal.

Saka skal på ny opp innan denne valperioden. 

EINIGE: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) passa på å formulere seg slik at alle som ville røysta for meir sakshandsaming og for at folk skal få seie si meining måtte rekke handa i vêret.
EINIGE: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) passa på å formulere seg slik at alle som ville røysta for meir sakshandsaming og for at folk skal få seie si meining måtte rekke handa i vêret.

 

Til toppen