HER: Om lag der trea står til venstre og bak for den oransje bygningen vil Kjersti Lysne Sanden og familien byggja hus. Men kommunen har i eit administrativt vedtak avslege søknad om frådeling av tomt frå garden som foreldra eig. Arkivfoto
meiningar
HER: Om lag der trea står til venstre og bak for den oransje bygningen vil Kjersti Lysne Sanden og familien byggja hus. Men kommunen har i eit administrativt vedtak avslege søknad om frådeling av tomt frå garden som foreldra eig. Arkivfoto
meiningar

Kva lover og reglar gjeld i Lærdal kommune?

Lærdal Kommune, eg gir dykk ein sjanse til. Eg skal tole å få avslag på søknaden vår når eg får ei grunngjeving, forstår den og veit at den er behandla slik den skal etter gjeldande reglement, lover og rundskriv, skriv Kjersti Lysne Sanden.

Eg er veldig glad i Lærdal og skulle ønskt at eg slapp å skrive dette. Eg er født og oppvaksen der, eg gifta meg på Stavarekkja og feira bryllupet mitt i hagen til foreldra mine på Ljøsne. Sjølv om me for tida bur i Asker, så er eg og familien min i Lærdal så ofte me kan.

Det er nettopp og grunnen til at foreldra mine i oktober i fjor søkte om å frådelt ei tomt i utkanten av deira småbruk på Ljøsne. Området er tidlegare brukt til pelsoppdrett og på grunn av dårleg jordsmonn er ikkje området blitt dyrka av foreldra mine. Kort oppsummert er området ikkje i bruk og har ikkje vore nytta dei siste 25 åra. Me håpte og trudde at dette kom til å bli ei enkel sak då Lærdal og Ljøsne er ei bygd med behov for både hus og folk.

Etter fyrst å fått avslag på søknaden i slutten av januar, får me opplyst av administrasjonen at klager på slike saker blir behandla administrativt og deretter sendt til Fylkesmannen. I fortsatt god tru og med tillit til systemet sender me ei utfyllande klage der me peikar på det me meinar er feil med avslaget.

Etter 3 månader får me eit nytt avslag med ei kort utgreiing om at klagen ikkje inneheldt nye moment i saka. Etter at saka vart presentert i Porten er me blitt kontakta av andre med liknande saker, og eg får ei kjensle av at noko skurrar.

Les også: – Viser at jordvernet ikkje står sterkt i Lærdal

Etter klageavslaget set me oss inn i både gjeldande lovverk, søkjer opp Lærdal Kommune sitt delegasjonsreglement og ber om innsyn i andre liknande saker. Funna gjer oss ikkje mindre uroa.

Rådmannen i Lærdal grunngjer deler av avslaget med at sjølv om jorda ikkje er dyrkbar i dag så vil den kunne setjast i stand i framtida. Når me les gjeldande rundskriv om Jordlova frå 2013, så er dyrkbar jord definert i eit eige alment tilgjengleg kartsystem.

Når eg søkjer opp området me har søkt frådelt er ikkje området definert i kartsystemet som dyrkbar jord. Rådmannen si utgreiing er i strid med definisjonen i rundskrivet utan å forklare kvifor, bortsett frå å syne til at naboarealet er dyrkbart.

At område rundt er dyrkbart endrar vel ikkje faktum at dette området ikkje er definert som dyrkbart? Nettopp i tråd med det me har opplyst i søknaden vår. Når me ber om ei forklaring på dette får me til svar at Lærdal Kommune er ferdig med saka og spørsmålet blir vidaresendt Fylkesmannen.

Fylkesmannen skal vel ikkje svare på kvifor Lærdal Kommune vel å bruke andre definisjonar enn det lovverket legg opp til? Og forvaltningslova sine § 24 og 25 med plikt til grunngjeving av vedtak gjeld vel og for Lærdal Kommune sin del?

I spørsmål til kommunen får me opplyst at klagen blir håndtert administrativt før den blir vidaresendt til Fylkesmann. Når eg søkjer opp delegasjonsreglement for rådmann og politisk organisering i Lærdal Kommune, som er publisert på nettsidene til kommunen, og sist oppdatert i 2015, står det opplyst at slike saker skal behandlast i Formannskapet før vidaresending til Fylkesmannen.

I spørsmål sendt til kommunen om dette får me til svar at saka er behandla i henhold til gjeldande delegasjonsreglement sidan dette ikkje gjeld deling av driftseining. Denne saka gjeld vel deling av driftseining? Andre liknande frådelingssaker er tilsynelatande sendt rett til Formannskapet. Kvifor blir ikkje sakene behandla likt? Eg sit att med like mange spørsmål som svar, og har ein følelse av at saka vår ikkje blir behandla slik den skal.

Uklare saksutgreiingar, ulik håndtering av tilsynelatane like saker, uklarheiter rundt kva delegasjonsreglement som gjeld, uklare og manglande svar på spørsmål. Dessverre er det oppsummeringa eg sit igjen med i saka til no.

Tilliten til systemet og kommunen blir ikkje større av dette. Innsynskrava til kommunen blir heller neppe mindre når innbyggarene sjølve føler me må gå kommunen i saumane for å vere sikker på at saker er utgreid og behandla i henhold til gjeldane lovar og reglar.

Lærdal Kommune, eg gir dykk ein sjanse til. Eg skal tole å få avslag på søknaden vår når eg får ei grunngjeving, forstår den og veit at den er behandla slik den skal etter gjeldande reglement, lover og rundskriv.

Til toppen