EIGEDOMSRETT: Kva ein eigar må tåla av inngrep frå samfunnet har i den juridiske diskusjonen vore delt mellom rådveldeinnskrenking og oreigning, skriv Phd.-stipendiat Sæmund Stokstad – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet .
meiningar
EIGEDOMSRETT: Kva ein eigar må tåla av inngrep frå samfunnet har i den juridiske diskusjonen vore delt mellom rådveldeinnskrenking og oreigning, skriv Phd.-stipendiat Sæmund Stokstad – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet .
meiningar

Kva må ein grunneigar tåla? 

Dersom samfunnet i kvar av desse situasjonane var avhengige av grunneigaren si vilje til å selja, ville situasjonen fort vorte uhaldbar, skriv Phd.-stipendiat Sæmund Stokstad – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

KRONIKK: Eigedomsretten er den viktigaste av alle formuerettar. Retten gir deg høve til rettsleg å disponera grunn du er eigar til. Det vil seia til dømes å selja, leiga ut eller pansetja denne. Den gir deg også mogelegheita til faktisk å disponera eigedomen, til dømes å hogga ved, sleppa sauene dine på beite eller å mala stakittgjerdet ditt lilla, om du ynskjer det. 

No er det sjølvsagt ei rekke lovar og forskrifter som avgrensar bruken av eigedomen. Du kan ikkje driva med kva du vil. Du kan ikkje bygga kva du vil. Og du kan ikkje køyra bil der du vil. Dette gjeld sjølv om du eig grunnen. Like fullt er eigedomsretten sterk, og den ligg til grunn for ein viktig del av økonomien i samfunnet. 

Sett i lys av dette rettar eg blikket mot regulerings- og oreigningssystema, og tek utgangspunkt i den mykje omtala situasjonen i Håbakken. Eg tek ikkje stilling til om ein skal ha pelletsfabrikk eller ikkje. Det eg gjer greie for, er kvifor det er slik at Lærdal kommune kan tvinga gjennom at det interkommunale selskapet SIMAS skal få bygga pelletsfabrikk på eit jorde her? 

Kronikken held fram under biletet

OREIGNING: Dette jordet på Håbakken kan koma til å bli oreigna no når området er regulert til næring – dersom det ikkje kjem til semje mellom kommunen og grunneigar. Arkiv
OREIGNING: Dette jordet på Håbakken kan koma til å bli oreigna no når området er regulert til næring – dersom det ikkje kjem til semje mellom kommunen og grunneigar. Arkiv

Les også: No kan det bli industri i Håbakken

Når samfunnet sine behov er viktigare enn den private eigedomsretten 

Kva ein eigar må tåla av inngrep frå samfunnet har i den juridiske diskusjonen vore delt mellom rådveldeinnskrenking og oreigning. Rådveldeinnskrenking er typisk når kommunen i sine arealplanar set av eit område til næringsbygg, slik tilfelle er i arealplanen som har fått namnet Håbakken II. Ved oreigning vert ein grunneigar med tvang fråteken eigedomsretten til eigedomen sin. Ein situasjon som kan vera aktuell i det same området dersom grunneigar og kommunen ikkje vert samde om ein kjøpesum for grunnen. 

I kva grad samfunnet kan regulera korleis ein grunneigar kan nytta eigedomen sin, har vore vel prøvd i rettssystemet. Saker både frå Høgsterett og frå den Europeiske Mennesrettsdomstolen i Strasbourg syner at ein grunneigar må tåla mykje når det kjem til regulering gjennom arealplanar. 

Når det gjeld oreigning, har grunneigarane eit sterkare vern. I samsvar med Grunnlova skal den som må gi frå seg grunn av omsyn til samfunnet ha full erstatning. 

Ein utenkeleg tanke? 

For å finna svar på spørsmålet i innleiinga, kan det vera nyttig å sjå på kva alternativet hadde vore. Kan ein tenka seg eit samfunn utan mogelegheita til å regulera eller å oreigna? Eit samfunn der den private eigedomsretten står sterkare enn samfunnet sine felles interesser? 

Mange tiltak er det brei semje om at må gjennomførast. Dei færraste er ueinige i at ein kommune treng ein skule, kablar til straumnett og grunn til veg som knyt kommunen saman med verda ikring. Synet vert likevel utfordra i det din eigedom er aktuell som ny skuletomt, når din eigedom ligg i den planlagde straumlinjetraseen, eller at vegen som skal utvidast gjer at garasjen din må rivast. 

Dersom samfunnet i kvar av desse situasjonane var avhengige av grunneigaren si vilje til å selja, ville situasjonen fort vorte uhaldbar. Dyre sentrumsnære tomter kunne stogga bygging av ny skule. Naudsynt utbygging og oppgradering av straumnettet kunne ha stranda. Og ikkje minst kunne vegar blitt fordyra ved at dei måtte gjera ein sving utanom eigedomane der ein ikkje kom til semje med grunneigaren. Eg trur dei fleste er samde i at vegane på Vestlandet er svingete nok. 

Om det er frykta for fleire svingar som gjer det tvilar eg på, men talet på avtalar som vert inngått er aukande. Statens vegvesen kjem til dømes til semje i 95 % av sine erverv av grunn. Spørsmålet er i kor stor grad ein hadde kome til semje, dersom trugselen om oreigning ikkje hadde vore til stades. 

Kven avgjer framtida? 

Ansvaret for kommunal planlegging og oreigning ligg hjå kommunestyret. Kommunestyret vedtek planane, og kommunestyret vedtek ei eventuell oreigning som samsvarar med planen. Det er gjennom desse vedtaka kommunestyret kommuniserer kva dei meiner er samfunnet sine interesser. Er det å oppretthalda landbruket? Er det nye arbeidsplassar? Eller er det ei trygging av busituasjonen til innbyggjarane i kommunen? Dette er nokre av fleire moment kommunestyret må ta stilling til når dei prøver å finna ein balanse mellom samfunnsinteressene og grunneigarinteressene. 

Innbyggjarane sin innverknad kjem i form av merknader til og eventuell klage på vedtak fatta av kommunestyret. I tillegg er sjølvsagt det offentlege ordskifte viktig for å syna politikarane kva opinionen sitt syn er. Den viktigaste innverknaden innbyggjarane har, er likevel kvart fjerde år når dei stemmer over kven som skal sitja i kommunestyret. Då kan ein seia noko om kva interesser ein ynskjer at skal vega tyngst.

Til toppen